Alle rettigheter 2018 Eid kyrkjelege fellesråd

Dåp


”Jesus seier: Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje, for Guds rike høyrer slike til!”

Aller først ynskjer vi velkomen til sjølve dåpen! Når Kyrkjekontoret får fødselsmelding frå Folkeregisteret, sender vi brev til foreldre som er medlemmer i kyrkja, der vi ynskjer Velkomen til Dåp med barnet. Det følgjer også med eit dåpsskjema og informasjon om datoar for babysong. Om de tenkjer at de vil døype barnet dykkar, tek de kontakt med kyrkjekontoret for å finne aktuelle gudstenester og samstundes melde barnet til dåp. Etterpå sender de utfylt dåpsskjematil oss (gjerne scanne og sende på e-post) - slik at vi har det seinast eit par veker før dåpen. Dersom de bur i ein annan kommune, men ynskjer at dåpen skal skje i Eid, tek de kontakt med kyrkjekontoret vårt og avtalar dåpsdato. Så lyt de ta kontakt med kyrkjekontoret der de bur for å fylle ut dåpsskjema (kan vere noko ulikt vårt skjema) og få avtale om dåpssamtale med presten i soknet de bur i. Be om at dåpsskjemaet blir sendt til oss snarast mogleg. Om de bur i Eid men ynskjer dåp utanfor kommunen, tek de sjølve kontakt med kyrkja der de ynskjer å døype barnet dykkar for å avtale dåpsdato. Ta kontakt med oss for å levere dåpsskjema. Vi sender skjemaet til soknet der de skal ha dåpen.

Hugs at de også må melde barnet sitt namn til folkeregisteret i god tid før dåp.

Dåp blir førebudd ved

- frammøte til vanleg babysong og ei litt større babysongsamling der dåp er tema
- dåpssamtale med presten.

Alle born som har fått registrert namn i Folkeregisteret av foreldre som er medlemmer i kyrkja, får tilsendt eit postkort med innbyding til babysongsamling. Der står litt om kva som skjer på samlinga og ein dato for påmelding slik at vi kan berekne nok mat til lett bevertning. Informasjon om babysong og babysongsamlingar blir også lagt på Facebook og på heimesida vår. Babysong er eit tilbod til alle babyar, ikkje berre dei som skal døypast.

Ta kontakt med kyrkjekontoret omlag 2 veker før dåpen for å avtale dåpssamtale med presten som skal døype (prestane har normalt fri på måndagar).

Etter dåpen vil Trusopplæringa i Eid kome med mange gode tilbod til barnet dykkar.
Dei første tre åra vil barnet få eit postkort frå heimsoknet med påminning om dåpsdagen og å tenne dåpslyset. Alle born av medlemmer i kyrkja i Eid vil også med ujamne mellomrom få postkort med innbyding til arrangement tilpassa alder i regi av Trusopplæringa.

For når de seier ja til dåp, seier de samstundes ja til opplæring i den kristne trua for barnet dykkar. Og om de vurderer at dåp ikkje er aktuelt i første omgang, så kan det vere at barnet sjølv ynskjer dåp med tida, eller at de likevel vel å døype borna etter nokre år.

Åra med trusopplæring blir avslutta med konfirmantundervisning og konfirmasjon. Konfirmasjon er bekreftinga på at barnet har fått den trusopplæringa foreldra lovde å gi ved dåpen. Etter konfirmasjonen vil det likevel nokre år framover komme tilbod som ungdommane kan nytte seg av. 

”Jesus seier: Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje, for Guds rike høyrer slike til!

Er du sjølv over konfirmasjonsalder og ynskjer å bli døypt? Ta kontakt med kyrkjekontoret, så vil du bli godt motteken. Det er aldri for seint.

VELKOMEN TIL KYRKJA!.