Alle rettigheter 2018 Eid kyrkjelege fellesråd

Gravferd


Alt har si tid – også døden. Dei fleste knyter sterke, men ofte ulike kjensler til møtet med døden. Likevel vil mange ha ønske om å ta avskil og til å ta fram minne enten for å gjere eige liv rikare – eller å avslutte ei historie.

 

Gravferd betyr mykje for eit reelt kjenslemessig avskil med den døde. Likevel er det slik at dette er noko ein gjerne ikkje tenkjer så mykje på før eit dødsfall brått er ein realitet. Nedanfor vil vi prøve å gje litt informasjon om kva som må gjerast i slike tilfelle – og kva Kyrkja og andre kan hjelpe med.

 

Planlegging
I dag kan eit gravferdsbyrå ta seg av mykje av det praktiske rundt ei gravferd. Det er dei pårørande sjølve som avgjer om ein ynskjer å nytte gravferdsbyrå eller ikkje – og kor mykje dei ynskjer at byrået skal ta seg av. Pårørande blir rådde til å ta seg litt tid til å kjenne på og snakke om kva for delar av førebuingane ein ynskjer å gjere sjølv. Om ein vel å nytte gravferdsbyrå er det normalt dette byrået ein først tek kontakt med. Byrået vil deretter vere behjelpeleg med råd og rettleiing om kva som skal gjerast.

Gravferdsbyråa utfører tenester ved både kyrkjelege, humanistiske og andre gravferder.

I vårt område er det hovudsakeleg tre gravferdsbyrå som vert nytta:
- Fjordferd Begravelsesbyrå - tlf. 458 50 300 - fjordferd.no 
- Hjelmeland Begravelsesbyrå - tlf. 905 50 905 - www.hjelmeland.as 
- Gravferdshjelpa - mob. 975 90 829 - www.gravferdshjelpa.no 

 
Dersom dei pårørande sjølve ønsker å stå for gravferda - utan å nytte byrå - er gangen i dette slik:
- Ta så snart som råd kontakt med kyrkjeverja i Eid (vakttelefon 970 34 535) og melde frå om dødsfallet. I denne kontakten opplyser ein også om kven som er kontaktperson for familien, samt det ein veit om gravstad (om der er festa grav eller det skal vere ny grav, om det skal festast grav ved sida av, om ein ynskjer kremasjon eller kistegrav, osb.). Den avdøde har rett til fri grav i 30 år (fredingstida). For ev. festa grav ved sidan av, må det betalast festeavgift.
- Kyrkjeverja fastset dag og tid for gravferda.
- Kyrkjeverja/kyrkjekontoret er og behjelpelege med utfylling av nødvendige dokument, utforming av annonse, osv. om dette er ønskeleg.

Dersom dei pårørande ynskjer kyrkjeleg seremoni ved gravferda:
- Varslar kyrkjeverja omgåande vakthavande prest.
- Presten tek kontakt med familien så snart som råd – og seinast innan 48 timar etter at dødsfallet er meldt. I denne første kontakten vil presten avtale tid for møte med familien (sorgsamtale).
- På møtet med familien orienterer presten også om gangen i sjølve gravferdsseremonien, ein avtalar kva salmar som skal nyttast og ein tek opp kven som skal lese minneord ved båra. Minneord vert gjerne lese av ein i familien – men dersom dette ikkje er mogleg er det vanleg at presten les minneordet.
- Når ein har avgjort kva salmar som skal nyttast orienterer presten organisten om dette. Dersom familien ynskjer musikk og/eller song frå andre under seremonien må dette avtalast med prest og organist.
- Familien avgjer også om dei sjølve vil lese helsinga på båra eller om dei vil at kyrkja sine folk skal gjere dette. Dersom ikkje nokon i familien orkar å lese helsinga på båra er det mest vanleg at presten les helsinga frå dei næraste (på kista) og at ein annan (ven eller slektning) les dei andre helsingane. I nokre tilfelle kan også kyrkjekontoret bistå med dette, men då mot eit lite honorar.
- Familien avgjer sjølve om dei ynskjer ei minnestund/båreandakt ved båra før gravferdsdagen. Dersom dei ynskjer at presten er til stades ved båreandakta må dette avtalast direkte med presten.

Dersom dei pårørande ynskjer humanistisk gravferd:
- finn ein god informasjon om seremoni, ev. kostnader m.m., på nettsidene til Human-Etisk Forbund.
- for spørsmål, t.d. om eigna gravferdslokale, kan ein kontakte leiar i Nordfjord Lokallag: Magni Hjertnes Flyum, tlf. 934 22 756

Gravstaden:
- Gravstadene er livssynsnøytrale og kan nyttast av alle uansett livssyn og religion.
- Det er også høve til å bli gravlagd i uvigsla jord om dette er ynskjeleg. Kyrkjeverja vil gje informasjon om kvar dette er mogleg.
- På gravstaden er det Kyrkja sine tilsette som tek seg av graving av grava, tilrettelegging av senkeutstyret som skal nyttast ved gravlegginga og attfylling og tillaging av grava etter jordfestinga.

Gravminne.
Familien står fritt til å skaffe gravminne, men gravminnet må vere slik at det ikkje bryt med reglane i Gravferdslova og reglane for kyrkjegardane i Eid. Kyrkja i Eid formidlar ikkje gravminne. Dei aller fleste vel å skaffe dette gjennom gravferdsbyråa. Kyrkjeverja kan gje orientering om gjeldande regelverk for graver og gravminne.

Stell av graver
Dersom dei pårørande ynskjer det kan Kyrkja tilby stell av graver. Det må då opprettast eit gravfond som skal dekke kostnaden med stell av grava. Kyrkjeverja kan orientere nærare om ulike alternativ og prisar for stell av graver, samt regelverket for gravfonda.