Alle rettigheter 2018 Eid kyrkjelege fellesråd

Konfirmasjon


Å være konfirmant er en del av ein lang tradisjon i Den Norske Kyrkja. Alle ungdomar får tilbod om å delta på konfirmantundervisning frå hausten av det året dei fyller 14 år.

 

Å være konfirmant er del av ein lang tradisjon i Den Norske Kyrkja

Alle ungdomar får tilbod om å delta på konfirmantundervisning frå hausten av det året dei fyller 14 år (9. klasse på ungdomsskulen). Sjølve konfirmasjonen finn stad på våren året etter.


Våren ungdommane går i 8. klasse blir det sendt ut eit brev med grundig informasjon om konfirmanttida og eit påmeldingsskjema.

For å verte konfirmert er det eit vilkår at ein er døypt. Dåpsattest må difor leggast fram ved påmelding til konfirmantundervisning dersom ein er døypt andre stader enn i ei av kyrkjene i Eid.

Kommunikasjon med heim og konfirmant
Kontaktinformasjon til konfirmant og foreldre/føresette er ein viktig del av påmeldingsskjemaet. Utanom dei obligatoriske informasjonsmøta skjer nesten all komunikasjon med heimen elektronisk.

 

- To skjulte facebookgrupper: Ei for konfirmantane og ei for foreldre/føresette
- Facebook chat
- Årets konfirmantside
- Eid Kyrkjelege Fellesråd og kyrkjelydane våre sine facebooksider
- E-post til dei som ikkje brukar Facebook
- SMS i svært spesielle høve

Plan og oversikt over timar, lekser og tema i løpet av konfirmantåret vert formidla i god tid før konfirmantundervisninga tek til om hausten.

I løpet av året legg vi vekt på at konfirmanten skal

- oppleve et realt og inkluderande miljø på leir og samlingar.
- skikkeleg og grunnleggande undervisning i kristen tru, praksis og tradisjon.
- prøve seg på og utfordre seg sjølv i ulike praktiske tenester.

Korleis?

Konfirmantane får utdelt konfirmantheftet “Følg meg” anten på Konfirmantleiren eller på Presentasjonsgudstenesta. Konfirmanten må ein ta med heftet sitt til kvar konfirmanttime og det vert brukt aktivt i undervisninga. I tillegg nyttar vi aktivt konfirmantbibelen som blir utdelt i 5-klasse.
 
Heftet legg opp til felles start og avslutning av undervisninga. Konfirmantgruppa vert så delt inn i mindre grupper som vekslar mellom ymse postar med forskjellig fokus og vinklingar knytt hovudtema for dagen. Vi ynskjer å lære av kvarandre medan vi er saman i eit felleskap. Difor prøvar vi å legge til rette ulike arenaer for å bli betre kjende med kvarandre - og vi ynskjer å skape trygge rom der alle stemmer vert høyrde.

"Følg Meg"-heftet skal vere ferdig utfylt og godkjent av konfirmantlærar før konfirmasjonen om våren.

Kva?
Læringsmålet er å gje grundig innføring i den kristne trua og viktige emne innanfor kristendommen. 
Til dette nyttar vi leik, gruppesamtaler, diskusjonar, gruppearbeid, eigenarbeid, undervisning, film, musikk og andre verkemiddel under opplæringa.

Konfirmantundervisninga dekkjer eit breidt spekter av emne. Utanom dei sjølvsagde, sentrale tema kring Gud og Jesus, vil vi i løpet av året også vere innom likt og ulikt som gjeld familie, samliv, sjølvbilete, vener, bibelen, kyrkja, misjon, diakoni, etikk og andre aktuelle tema i tida.

Kvar?
- All undervisning finn stad i Eid kyrkje og på Eid Kyrkjetun. Vi har undervisning både innandørs og utandørs.
- Leir og Nattcup er obligatorisk.
- Alle kyrkjene i Eid blir nytta til gudstenester som konfirmantane kan delta på.

Når?
- Konfirmantundervisninga vert normalt halden onsdagar og torsdagar annankvar veke. Opplegget er likt begge dagane 
- Undervisningstida er frå kl. 15.00 til kl. 16.30. 
- Konfirmantane set opp ynskje for undervisningsdag ved påmelding.

Tilrettelegging
Vi strekkjer oss langt for å få til spesiell tilrettelegging for konfirmantar som treng det. Konfirmanttida skal vere god for alle.
Alle opplysningar om matallergiar, medisinbruk, diagnoser og andre tilhøve som kan virke inn sosialt og i læringa vil sjølvsagt bli behandla konfidensielt. Ta ein prat med oss om det.

Oppfølging
Dei fire første åra etter konfirmasjonen vil kulla få innbyding til reunion. Vi beheld difor konfirmantsidene deira slik at vi kan legge ut informasjon.


For nærare informasjon om konfirmasjon og konfirmasjonsundervisning kan du kontakte Kyrkjekontoret.