Alle rettigheter 2018 Eid kyrkjelege fellesråd

Vigsel


Ei vigsle er ei heilt spesiell handling, der to menneske lovar kvarandre truskap både i gode og vonde dagar. Vi er glade for å kunne tilby vigsler i alle kyrkjene våre!

 

Ei vigsle er ei heilt spesiell handling, der to menneske lovar kvarandre truskap både i gode og vonde dagar. Vi er glade for å kunne tilby vigsler i alle kyrkjene våre!

 

Om de skal gifte dykk, ver venleg å ta kontakt med kyrkjekontoret og reserver kyrkje i god tid. Dei aller fleste får vigsle den dagen dei ynskjer, men nokre dagar om sommaren er meir populære enn andre. Det er og enkelte laurdagar vi ikkje kan ha vigsler. Laurdag er elles ein tradisjonell dag for vigsler, men det er ingenting i vegen for også å nytte andre dagar.
 
Tidlegare var det Kyrkja som tok seg av alt av papirarbeidet i samband med vigsle. Slik er det ikkje lenger, no er det Folkeregistret som har dette. Det vil seie at de må søkje Folkeregisteret om ein såkalla ”Prøvingsattest”. Denne er gyldig i fire månader, så det er ingen vits i å søkje for tidleg. Likevel bør de vere ute i god tid, då det kan vere nokre veker saksbehandlingstid. Prøvingsattesten må sendast til kyrkjekontoret seinast 14 dagar før vigsla.

Når de tar kontakt med kyrkjekontoret, vil de og få tilsend eit skjema som skal returnerast kyrkjekontoret, til bruk her.
 
Omtrent ei veke før vigsla må de ha ei samtale med presten som skal vie dykk. Ta kontakt med kyrkjekontoret seinast 14 dagar før vigsla for å gjere avtale med presten. Når de kjem til denne samtalen er det flott om de har tenkt litt på salmar de ynskjer (vanleg med 3 stk), og gjerne også bibeltekstar. I liturgien (ordninga) er det ein del valgmoglegheiter, og vi anbefalar dykk å sjå gjennom dette på førehand. Liturgien finn de på www.kyrkja.no. Der finn de og forslag til bibeltekstar som kan brukast ved vigsle.
 
Vanlegvis har de og ei samtale med organist/kantor i forkant av vigsla, for å bestemme inn- og utgangsmarsj. Har de ynskjer om spesielle ting eller innslag, prøver vi å imøtekome dette, men då er det fint om vi får vite om det i litt god tid, m.a. fordi alle handlingar som skal føregå inne i kyrkja må godkjennast av presten.
 
Om de ynskjer å gifte dykk i dykkar eige prestegjeld/kyrkje, er vigsla gratis. Om de ikkje har nokon tilknyting til kyrkja de ønskjer vigsle i, kostar det 800,- å leige kyrkja, og 2.300,- for prest. I tillegg kan det aktuelle soknet kreve betaling for t.d. organist og kyrkjetenar.
 
”Guds godhet sang i sinnet
og rørte Edens trær
den kveld da mann og kvinne
først kom hverandre nær.
De så Guds skaperglede dypt i hverandres blikk,
og blomster dannet kjede og alt ble musikk.
Gudst glede blomstrer atter når to har sagt sitt ja.
Da fylles vi med latter, og himmelen er glad.
Pryd, Herre, deres hager med roser og jasmin!
Vær med dem alle dageer, gjør atter vann til vin!”
(Øystein Thelle, Salmer 97, nr 98)