Alle rettigheter 2019 Eid kyrkjelege fellesråd

Orgelet i Kjølsdalen kyrkje


 

Då Kjølsdalen kyrkje vart vigsla 13. september 1940, var der ikkje eige orgel.
Det kan sjå ut til at det vart lånt eit lite husorgel fram til det i 1945 vart innkjøpt eit større, brukt harmonium av ein privatmann i Oslo. Dette Mason Hamlin-orgelet var i bruk til 1958, då det vart utbytt med eit elektrisk orgel frå Vestre orgelfabrikk. Vestre-orgelet var i bruk heilt til 1998, då dagens orgel vart innkjøpt.

Orgelet som står i Kjølsdalen kyrkje no, er eit ekstensjonsorgel med berre tre register. 
Instrumentet kjem opphavleg frå ei metodistkyrkje i Chester (England) der det var bygt i eit orgelkammer av Arthur Davis i 1965.  Då orgelet vart kjøpt og montert av RAJ Bower Orgelbyggarar frå Norwich (England) i 1997, hadde det ikkje fasade slik at pipene sto heilt nakne og synlege.  Difor måtte Bower få tak i ein brukt fasade frå kororgelet på Reading skule i England.  På den måten vart orgelet propert kledd for mykje godt arbeid frå galleriet i Kjølsdalen kyrkje.  

Disposisjon:
Hovudverk
Bourdon 16
Open Diapason 8
Gedackt 8
Salitional 8
Principal 4
Nason Flute 4
Twelth 2 2/3
Fifteenth 2

Svellverk
Contra Salitional 16
Open Diapason 8
Gedackt 8
Salicet 4
Nazrd 2 2/3
Piccolo 2
Tremolo

Pedal
Bourdon 16
Gedackt 8
Quint 5 1/3
Principal 4
Salicet 4
Fifteenth 2

Chorus MF
Chorus FF

 

Tilbake