Alle rettigheter 2019 Eid kyrkjelege fellesråd

Kjølsdalen kyrkje


I 1954 vart Kjølsdalen og nordsida utskilt som eige sokn i Davik. I 1965 vart kyrkja overført til Eid prestegjeld i samband med kommunereguleringa. 

 

Få månader etter krigsutbrotet fekk folket på nordsida av fjorden i den gong Davik sokn oppleve at folkekravet om eiga kyrkje vart realisert. Endeleg skulle dei sleppe kyrkjeferda over Nordfjorden. Kjølsdalen var den einaste kyrkja i fylket som vart vigsla under krigen. Då hadde det gått 64 år sidan kyrkjekravet første gongen vart fremja.

Mangelen på graver vart starten på realiseringa av kyrkjebygget på nordsida. Etter som åra gjekk, vart gravstaden i Davik for liten, og det vart naudsynt med ein hjelpekyrkjegard i Kjølsdalen.

Bygd 1940
På eit folkemøte i august i 1935 vart det valt ei arbeidsnemnd som fekk i oppgåve åleggje kyrkjesaka fram for soknerådet. Og endeleg, den 23. november fatta soknerådet eit vedtak der det stod:
"Ein er samd med søkjarane i at kapellkyrkja er eit folkekrav som kjem synbert fram ved den store offervilje, som er vist av dei interesserte, og som klårt provar at kyrkje må byggjast, so snart som råd er. Soknestyret søkjer difor uyrdsamt dei kyrkjelege autoritetar om løyve til å byggja den påemna kappellkyrkja i Kjølsdalen."

I 1954 vart Kjølsdalen og nordsida utskilt som eige sokn i Davik.I 1965 vart kyrkja overført til Eid prestegjeld i samband med kommunereguleringa.

Kunst og inventar

Altartavle frå 1940 er eit krusifiks som står påaltaret,og bak står ei tavle med eit landskap med himmel over, laga av Jørgen Stene, Haram. Krusifikset er truleg frå den gamle Davik kyrkje. 
2 altarlysestakar frå 1940 i sølv gåve frå Haus og Lefdal krinsar. 
2 altarlysestakar frå 1990,sølv, gåve frå Kjølsdalens Sanitetsforeining.
Sjuarma lysestake, sølv på altaret, Karoline Johansen og Marie Sæbø.
Nattverdsutstyr: Kalk, disk, brødøskje og vinkanne, sølv 1940, gåve frå Agnes Eide.
Preikestol frå 1940, tre.
Døypefont frå 1940, tre, og dåpsmugge frå 1960, sølvplett, gåve frå Olav Haus. I tillegg dåpsfat frå 1940 i sølv, som heng på veggen.
Kyrkjeklokke frå 1951, O. Olsen & Søn. Frå starten hadde kyrkja ei lita kyrkjeklokke overført frå Davik som framleis heng oppe i tårnet.
Orgel frå 1998, 3 stemmer (extension organ), Bower & Company, Norwich, England, opphavleg bygt i 1965,men delar av orgelet er eldre.

Steinkors frå vikingtid/tidleg mellomalder, frå midthjell (no i Bergen Museum), kleberstein, hoggen ujamn og uferdig. Høgde 126 cm, breidde 91 cm. Ein kopi av steinen står ved riksvegen på Midthjell, litt vest for Kjølsdalen.

Gravstaden i Kjølsdalen
Gravstaden i Kjølsdalen vart opparbeidd på eit jordstykke som kommunen hadde oreigna.
Gravstaden vart teken i bruk i 1928 - og dei strabasiøse ferdene til gravstaden i Davik på andre sida av fjorden var historie.

 

Informasjonen som er lagt inn på desse nettsidene om kyrkjene i Eid er henta frå boka "På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 1 - Nordfjord og Sunnfjord".
Forfattarar er Margrethe Henden Aaraas, Torkjell Djupedal, Sigurd Vengen og Finn Borgen Førsund.  Boka er utgjeven på 
Selja Forlag.

Tilbake