Alle rettigheter 2019 Eid kyrkjelege fellesråd

Heggjabygda kyrkje


Heggjabygda vart eige sokn under Hornindal prestegjeld då kyrkja stod ferdig. I samband med kommunereguleringa i 1965 kom kyrkja tilliks med bygda under Eid,og sidan 1997 har Heggjabygda og Eid vore eitt sokn.

 

Svært ofte er det trongen for eigen gravplass i bygda som har vore opptakten til at der kom eit kapell eller ei kyrkje på staden.

I Heggjabygda var det sokneprest Anton Johnson som i 1913 føreslo at bygda måtte få eigen gravplass, slik at gravfølgja slapp å reise med båt over vatnet til Hornindal, prestegjeldet som Heggjabygda den gongen sokna til. To år seinare kom den same presten med ei tilråding om at der måtte byggjast kapell på staden. Hornindal heradsstyre måtte garantere for oppføring av bygget, vedlikehald og driftskostnader. 

Bygd 1936
Då bygginga kom i gang i 1934, var det bygdefolket sjølve som stod for arbeidet med å få fram stein til muren og material til sjølve bygget. 
Det var ein stor dag i bygda då kyrkja i oktober i 1936 omsider kunne vigslast.
Heggjabygda vart eige sokn under Hornindal prestegjeld då kyrkja stod ferdig. I samband med kommunereguleringa i 1965 kom kyrkja tilliks med bygda under Eid,og sidan 1997 har Heggjabygda og Eid vore eitt sokn.


Kunst og inventar

Altartavla frå 1936 er eit oljemåleri av Jens Leivdal frå Nordfjordeid, som også måla heile kyrkja innvendig. Ramma er rikt dekorert med symbol og er teikna og skoren av Martin Lillestøl.

2 altarlysestakar, messing truleg 1936.
Nattverdsutstyr: Kalk og disk; sølv 1936.
Preikestol i tre frå 1936.
Døypefont og dåpsfat, sølv frå 1936, dåpsmugge frå 1936 i porselen.
Kyrkjeklokke frå 1936, med innskrift: Land, land, land, hør herrens ord, gåve frå Kari og Lars Heggen.
Orgel frå 1998, 6 stemmer, Olsen og Jørgensen, opphavleg frå 1910 og stod i Gimmestad kyrkje til 1959.

Gravstaden i Heggjabygda 
Gravstaden i Heggjabygda stod ferdig i 1918. 

Endeleg slapp bygdefolket å frakte dei døde i båt på Hornindalsvatnet til gravstaden i Hornindal.
På denne tida var innsamlingsarbeidet til eiga kyrkje i Heggjabygda alt godt i gong - men bygdefolket måtte vente i enno 18 år før kyrkja stod ferdig.

 


 

 

Informasjonen som er lagt inn på desse nettsidene om kyrkjene i Eid er henta frå boka "På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 1 - Nordfjord og Sunnfjord".
Forfattarar er Margrethe Henden Aaraas, Torkjell Djupedal, Sigurd Vengen og Finn Borgen Førsund.  Boka er utgjeven på 
Selja Forlag.

Tilbake