Alle rettigheter 2019 Eid kyrkjelege fellesråd

Eid kyrkje


Nordfjordeid er rekna som den eldste kyrkjestaden i Nordfjord etter Selja

 

Nordfjordeid er rekna som den eldste kyrkjestaden i Nordfjord etter Selja. Her stod den første heradskyrkja i Nordfjord, og fram gjennom hundreåra har her stått i alt fire eller fem kyrkjer. Den siste har passert ein alder på 150 år,og er kjend som den rosemåla kyrkja i Nordfjord.

Det var kunstmålaren og treskjeraren Lars T.Kinsarvik som i 1915 stod ansvarleg for det store restaureringsarbeidet i Eid kyrkje, og som omskapte kyrkjerommet til eit sjeldan storslått prydverk med eit sterkt nasjonalromantisk preg.

Bygd 1849
Kyrkja i dag er ganske annleis å sjå til enn då ho stod ny i 1849. Den gong var ho enkelt dekorert innvendig. taket og søylene ved inngangen til koret var kvitmåla. Men så var det heller ikkje dekoren som opptok kyrkjelyden på Eid rundt midten av 1800-talet. Dei ønskte framfor alt å få ende på diskusjonen som hadde pågått i mange år, om dei i det heile skulle byggje ny kyrkje, og kva dei i så fall skulle gjere med den gamle? Fleirtalet meinte at den om lag 250 år gamle korskyrkja var både for lita og for skral. Nokre talte varmt for å verne gamlekyrkja,men dei måtte til slutt gje tapt.

Byggjevedtaket vart gjort i våren 1846. Dei tre åra som gjekk fram til bygginga starta i mai månad 1849, vart nytta til tømmerhogst og anna førebuingsarbeid. Eid kyrkje var, og er framleis, den romslegaste kyrkja i heile Nordfjord.Opphavleg hadde ho heile 900 sitjeplassar, ved seinare ominnreiingar redusert til 750. To gonger har det vore nære på at kyrkja, tilliks med tidlegare kyrkjer på Eid, skulle brenne ned. Det eine branntilløpet skjedde i 1912, det ndre i 1917. Begge gongene var det lynet som slo ned kyrkjetårnet i vinterstorm og mørker i desember månad.

Tidlegare kyrkjer

Eid kyrkje 1100-talet - 1300-talet

Det ein reknar som første kyrkja i Eid var ei stavkyrkje på garden Myklebust, på den gamle hovstaden der (litt søraust for staden der kyrkja ligg no). Lokalhistorikarar meiner at kyrkja var den første som vart bygd etter kyrkjene på Selja, og dermed den første heradskyrkja i Nordfjord saman med Vereide kyrkje i Gloppen.
Kor lenge kyrkja kan ha stått er det ingen som veit. Segna seier at Myklebust-garden brann, og kanskje har kyrkja gått med i brannen?

Eid kyrkje 1400 - 1500-talet
På 1400-talet er kyrkja omtala som kyrkja på Mel, og dersom stavkyrkja gjekk med i gardsbrannen, er dette i så fall det andre gudshuset i rekkja. Mel ligg like nord for dagens kyrkje.

Eid kyrkje 1500-talet - 1689
Kyrkja som stod der tidleg på1600-talet, blir skildra som svært fin og synest å vere heller ny. Av det kan det tenkjast at ho skriv seg frå tida etter reformasjonen, mot slutten av 1500-talet.I denne perioden var gudshuset ei tømra korskyrkje med kor, våpenhus og tårn. Tårnet stod i midten av kyrkja, i overgangen frå skipet til koret, som vart litt lågare.
I 1689 brann kyrkja ned til grunnen etter eit lynnedslag. Alt innbuet gjekk med i brannen, unnateke messebøkene og ein tjørekjél.

Eid kyrkje 1692 - 1849
Tre år seinare, i 1692, stod ei ny korskyrkje ferdig på same tomta, det som altså kan ha vore den fjerde kyrkja på Eid.
Kvar av korsarmane var om lag 7 m lange og 7,5 m breie. Det var bygt galleri i alle dei tre korsarmane,og av det skjønar vi at høgda under taket var rimeleg stor. Truleg har dei to korskyrkjene på Eid vore mellom dei største vi har hatt av denne typen i fylket.

Kunst og inventar
Altartavla frå 1892 , måla av Cecilie Dahl, er ein kopi av altertavla som står i Sofie Albertina- kyrkja i Landskrona i Svergie,måla av den kjende danske biletkunstnaren Carl Bloch (1834-90). Bloch laga tavla ut frå Jesu ord "Kom til meg, alle de som tungt å bera; eg vil gje dykk kvile" (Matt. 11.28) og kalla biletet Christus Conselator (=Den trøystande Kristus)
Råma på altertavla er blitt til i to etappar. Råma nærast biletet vart laga i 1892 i Holmøyane, etter teikningar av arkitekt Trapp Meyer. Lars T. Kinsarvik teikna, og sonen Arne Kinsarvik skar ut toppstykket og sidevangane i 1915, dei vart måla i Kinsarviks sterke fargar. Midt på toppstykket står St.Mikael, erkeengelen som overvinn draken. 
Altartavla i Eid kyrkje dei første åra (1849-92) var eit enkel gylt kor blå grunn. Bakgrunnen var ein måla himmel med skyer rundt kantane og strålar frå ei sol på veg til å stige opp. Altartavla frå gamlekyrkja er gått tapt. Ho varmåla ein gong før 1692 av Alexander Didrichsøn Fester, kjøpmann og amatørmålar i Vågsøy.
2 altarlysestakar frå 1849,messing.
2 altarlysestakar frå 1961,messing, gåve frå Anker Holmin.
Krusifiks frå 1961 bronse, på altaret, gåve frå Anker Holmin.
Nattverdutstyr: Kalk og disk, brødøskje, vinkanne frå 1962, sølv, gåve frå Anker Holmin
12 måleri frå 1915, måla på veggen i koret av Lars T. Kinsarvik. Elleve av motiva har den franske teiknaren Gustav Doré (1832-83) sine bibelteikningar som direkte førelegg. Biletet av nedtakinga av korset har eit anna førelegg.
Preikestol frå 1915, med Kinsarvik sine måla utskjeringar og seks treskulpturar under kvar sin rundboge. Av dei seks kan ein berre sikkert identifisere Kristus og Paulus (med sverdet). Dei fire andre er truleg evangelistane Matteus, Markus, Lukas og Johannes. Son til Lars T. Kinsarvik, Arne Kinsarvik, hadde hovudansvaret for treskjeringa og har framstilt evangelisten nærmast oppgangen til preikestolen (truleg Matteus) med far sin som modell.
Døypefont frå1885,men måla av Lars T. Kinsarvik i 1915. Dåpsfat frå slutten av 1600-talet, messing med prega bilete av Adamog Eva (1Mos 2-3). Dåpsmugge frå 1963, messing, kopi av mugge frå Heddal stavkyrkje (?).
Kyrkjeklokker:
1) Dei to kyrkjeklokkene vart i 1700 støypte av smelta metall som låg att på branntomta då korskyrkja brann ned i 1689. Klokkestøypar Simon Henrichsøn, Bergen, måtte leggje til litt tinn for å ha nok til to nye klokker. Innskrift: "Af Simon Hendrichsen støft i Bergen 1700".
2) frå 1903, Støypt i Tyskland,og med innskrift frå Joh openb. 22,17: "Hvo der vil tage Livsens Vand uforskyldt."
Orgel frå 1961, 21 stemmer, J. H. Jørgensen. Det første orgelet i Eid kyrkje var det andre kyrkjeorgelet i Nordfjord. Berre Selje var tidlegare ute. Dåverande sokneprest Johan Herman Lie tok orde for orgel alt i 1847 i samband med planlegginga av kyrkja. Men trass i at han vende seg til velståande menn i bygda som burde ha råd til å gje ei pengegåve, fekk Lie lite støtte for saka.Nokre år seinare, då spørsmålet om orgel kom opp på nytt, var det soknestyret som sette seg imot. Dei ville heller få bygt eit sakristi attåt kyrkja. Først i 1898, over 50 år etter at saka første gongen vart diskutert, kunne kyrkjelyden endeleg oppleve orgelbrus i Eid kyrkje.Orgelet var opphavleg uten motor og hadde sju stemmer. I dag står det i Eikefjord kyrkje. Eid kyrkje fekk eit nytt orgel i 1961. Dette orgelet har vore lett omarbeidd fleire gongar, og fekk i 2015 ei skikkeleg overhaling. Sjå meir her: Orgelet i Eid kyrkje og her: Disposisjon orgelet i Eid kyrkje

Kunst og inventar flytta frå kyrkja.
Nøkkel frå mellomalderen (no i Oldsaksamlinga i Oslo), jern- og koparlegering, lengde 25,8 cm, med runer på nøkkelringen.

Gravstadane på Nordfjordeid
På Nordfjordeid er det 3 gravstadar:
Den gamle kyrkjegarden ved Eid kyrkje,
Stokkenes Gravstad 
Sambraut Gravstad på Haugen/Naustdal

 


 

 

Informasjonen som er lagt inn på desse nettsidene om kyrkjene i Eid er henta frå boka "På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 1 - Nordfjord og Sunnfjord".
Forfattarar er Margrethe Henden Aaraas, Torkjell Djupedal, Sigurd Vengen og Finn Borgen Førsund.  Boka er utgjeven på 
Selja Forlag.

Tilbake