Alle rettigheter 2019 Eid kyrkjelege fellesråd

Orgelet i Heggjabygda kyrkje


 
Orgelet i Heggjabygda kyrkje er eit instrument med ein manual og seks stemmer bygd av Olsen & Jørgensen i 1912.  
Det stod opphavleg i Gimmestad kyrkje til det vart flytta ut i 1959 for å lage plass til eit nytt orgel.
Instrumentet vart teke vare på og lagra hos Oddvar Almenning, tidlegere kyrkjeverje i Eid, i huset hans på Sandane til at han ga instrumentet i gåve til Heggjabygda kyrkje i 1998.  
Før i tida hadde Heggjabygda kyrkje, som dei fleste kyrkjene i distriktet, berre eit lite husorgel.

 

 

Disposisjon:
Bourdun 16

Principal 8

Gamba 8

Oktav 4

Gemshorn 2

Tilbake