Stårheim kyrkje


På det gamle hovdingsetet Stofreimr vart det truleg reist ei høgendekyrkje eller huskapell tidleg på 1100-talet.

 

På det gamle hovdingsetet Stofreimr vart det truleg reist ei høgendekyrkje eller huskapell tidleg på 1100-talet. Kyrkjehistoria i bygda inneheld både brannherjingar og dramatikk, med makteliten på éi side mot provoserte bønder på den andre.

Bygd 1864
Stårheim kyrkje i dag er rekna som den tredje i rekkja, bygd i ei tid då dei kvite høgreiste gudshusa reiste seg overalt i fylket og i landet elles.Kyrkja på Stårheim fekk dei same tuftene som den førre kyrkja, like ved vegen nede langs fjorden. Ho ser ut som langkyrkjene flest, men har fleire spesielle løysingar innvendig. så var det og ein kreativ og dyktig arkitekt som teikna kyrkja. Sakristia på kvar sida av koret har dører i kvar sin ende av gangen som er bygd attåt austveggen i koret. Frå denne gangen er det også dører inn i sjølve altarringen.

Tidlegare kyrkjer
Stårheim kyrkje 1100-talet-1338
Den førstekyrkja stod i Stårheimstunet, og ein reknar med at ho vart reist på 1100-talet. 
Første gongen vi høyrer om kyrkja på Stårheim er i eit brev frå 1338. Då skreiv hovdingen Erling Vidkunsson til bisp Haakon i Bjørgvin, som var ein ven av han, og klaga på at illgjerningsmenn hadde vore ute og sett fyr på kyrkja.

Stårheim kyrkje 1338-ca. 1600 
Kyrkja som vart bygd opp att etter brannen i 1338, var truleg også ei stavkyrkje, utan at vi veit noko nærare om henne. Dei første hundreåra hadde kyrkja eigen prest,men i 1341 vart ho lagt under presten i Eid.

Stårheim kyrkje 1600-1859
Rundt året 1600 vart det reist ei tømmerkyrkje på Stårheim, av det slaget vi kjenner mange av frå denne perioden.
Den 10.Jan. 1859 vart kyrkja sterkt skadd i ein brann, så skadd at soknepresten meinte at det måtte reisast ei ny kyrkje. 
Etter tre år med harde forhandlingar vart det omsider bygging av ny kyrkje på Stårheim.



Kunst og inventar
Altertavla frå 1903 er eit oljemåleri på lerret, laga av Anders Orheim. Biletet er ein kopi av Asta Nørregaard si tavle i Gjøvik kirke frå 1883. Som i fleire andre kyrkjer i andre halvdel av 1800-talet, vart det første omgang sett opp eit relativt enkelt trekors på eller bak altaret. Først i 1903 kom noverande altertavle på plass,med innskrifta Kom til meg alle som er mødde og tyngde og eg skal gjeva dykk kvild.

2 altarlysestakar , udaterte,i messing, men med innskrift Peder Nilson Hiermand og Sara Andersdatter.
2 altarlysestakar i sølvplett frå 1874 med innskrift Tilhører Stårheims kirke, Eid prestegjeld,Nordfjord 1874.
Nattverdsutstyr : Kalk og diski sølvplett (udaterte).
Preikestol i tre frå 1864
Døypefont frå 1864 i tre; dåpsfat og dåpsmugge i tinn (udaterte).
Orgel frå 1957, 14 stemmer, Olsen og Jørgensen, kjøpt brukt frå Svelvik kirke, Vestfold, og opphavleg laga i 1916.

2 kyrkjeklokker:
1) frå eldre kyrkje, 'attfunnen' i 1901, ikkje i bruk i dag, og
2) frå 1903.

Minnestein over Matias Orheim og kona Marie står ute på kyrkjegarden. Matias Orheim (1884-1958) var ein kjend salmediktar og forkynnar frå Stårheim. Kunstverket er laga av bilethoggaren Anne Grimdalen (1899-1961). Ho er særleg kjend for sine dyreskulpturarar. Hennar største arbeid er kolossalrelieffet Tømmerfløtere og Harald Hardrådes rytterstatue, Rådhuset, Oslo, som ho laga i 1939-50.

Gravstadane på Stårheim
På Stårheim er det 2 gravstader:
Kyrkjegarden ved Stårheim kyrkje 
Gravstaden nord-aust for kyrkja

 


 

 

Informasjonen som er lagt inn på desse nettsidene om kyrkjene i Eid er henta frå boka "På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane 1 - Nordfjord og Sunnfjord".
Forfattarar er Margrethe Henden Aaraas, Torkjell Djupedal, Sigurd Vengen og Finn Borgen Førsund.  Boka er utgjeven på 
Selja Forlag.

Tilbake