Alle rettigheter 2019 Eid kyrkjelege fellesråd

Orgelet i Stårheim kyrkje


 

Stårheim kyrkje fekk sitt første orgel i 1903, eit lite trøorgel. I møteboka for det året står det ikkje så mykje om denne nyvinninga, anna enn at «det tillates anbringelse av orgelharmoniet på galleriet efter borttagelse av en av benkene.»
Dette orgelet vart gitt til kyrkjetenar Ole Verås då han slutta som kyrkjetenar i 1925. Orgelet som kom i staden, var og eit trøorgel, det må ha «halde ut» til pipeorgelet kom. Då vart det flytta til Samlingsheimen, og seinare selt til ein svært interessert orgelsamlar frå Balestrand saman med det gamle songarorgelet, som og stod på Samlingsheimen.

Endeleg, i 1954, var pipeorgelet med sine 14 stemmer på plass i kyrkja. Det vart kjøpt brukt frå Svelvik kyrkje i Vestfold, og var bygt i 1916. (Kontrakta vart underskriven den 23. mars i 1915 og har opus nr 444.)

For å få plass til nyeorgelet, vart den midtre delen av brystninga på galleriet skøytt fram med eitt utbygg. Det har vore nemnt fleire årstal om når pipeorgelet kom, men underskrivne, som las for presten i 1955, har eit minne om konfirmantprest Steinar Ihle, som tok oss konfirmantane med på galleriet og spelte for oss, på eit orgel med skikkelege fotpedalar.(Han var svært flink) På vikslingshøgtida for orgelet var det organist Edvin Solem som spelte. Dei som var tilstades, fekk oppleve ein ugløymande konsert.

(Utdrag frå boka «Stårheim kyrkje 1864 – 2014» )

 

 

DISPOSISJON

Hovudverk
1. Principal 8` 
2. Salicional 8` 
(Gamba 8`)
3. Fløyte dobbio 8`
4. Trompet 8`
5. Octav 4`
*6. Mixtur 3 Fag

Svellverk
7. Geigenprincipal 8`
8. Gedakt 8` (Liebl.Gedakt 8`)
9. Voix Celleste 8`
10. Fløyte pastorale 4` (Fugara 4`)
*11. Blockfløyte 2`

Pedal 
12. Subbas 16`
13. Violon 8`
*14. Bassun 16`
 

General-crescendo for fullt verk
Koppel: Piano, Forte, Tutti, Utløser.

Registersveller.
P.pedal– utkopling. 
Man I-Ped,
Man II-Ped,
Man II – Man I
Pedalkoppel 
Traktur: Pneumatisk
Vindlade: Kjeglelade

Tilbake