Orgelet i Eid kyrkje


 

Eid kyrkje fekk sitt fyrste pipeorgel, bygd av Olsen & Jørgensen, i 1898.  Dette orgelet hadde sju stemmer.  Kostnaden vart dekka av ei gåve frå Ola O. Agledal og innsamla midlar.

Dette instrumentet sto i Eid kyrkje til i 1960, då det blei flytta til Eikefjord kyrkje, der det framleis er i bruk.

Det neste instrumentet vart bygd av J.H. Jørgensen, Oslo, i 1961. 

Dette Instrumentet hadde to manualar og pedal med 21 register.  

I høve Eid kyrkje sitt 150 årsjubileum i 1999 betalte Sparebanken-Vest i Eid kr 20.000 for å få eit nytt Jubileums Trompet 8’ register.  Dei nye pipene blei leverte og monterte av vår trufaste orgelbyggjar, Hallstein Runshaug, som tidlegare hadde arbeida hjå Vestre Orgelfabrikk på Haramsøy.
I 2002 vart så orgelet sitt Trompet 8 register på hovudverket bygd om til Trompet 16 for å gje djupare trompetklang i bassen.  Dette vart utført av Orgelbyggar Sicco Steendam frå Nederland.

Trass i at Jørgensen-orgelet no hadde betre klang enn før, hadde instrumentet frå starten av 2000 vore ustabilt. Dette skuldast ymse elektriske kontaktproblem inni spelepulten.  I tillegg var det mange elektriske ventilar og relé i vindladene i sjølve orgelet som var i ferd med å takke for seg og førte til mange stumme tonar. 

Etter grundige undersøkingar og mange rapportar frå forskjellige orgelbyggjarar fekk ein i 2013 konstatert at orgelet sin spelemekanisme var heilt utsliten. 

Etter omfattande diskusjonar i Eid kyrkjelege fellesråd fekk det engelske firmaet RAJ Bower Orgelbyggarar, frå Norwich (http://www.bowerorgans.co.uk/) oppdraget med å restaurere og bygge om Jørgensen-orgelet vårt. Dette prosjektet integrerer også pipene frå eit gammalt Vestre-orgel frå Austefjord kyrkje som Eid kyrkjelege fellesråd kjøpte inn i 2005 for å bruke til delar.

Orgelbyggjarane hos RAJ Bower, som tidlegare også har levert orgelet i Kjølsdalen, tok i september 2014 om lag halvparten av orgelet med seg attende til fabrikken i England.

29. september 2015kom dei endeleg attende til Nordfjordeid for å montere tilbake og utføre resten av arbeidet med å restaurere og byggje om det gamle orgelet.

Det var eit omfattande og vanskeleg arbeid å få alle delane opp att på galleriet og inn i orgelet. Særleg det nye spelebordet var ei utfordring fordi det er både større og tyngre enn det gamle. Men ved hjelp av godt mannskap og utstyr gjekk dette likevel fint. I denne samanhengen vil vi rette ei stor takk til SFE for lån av løfteutstyr - og til  Øyvind Torheim som stilte opp og køyrde utstyret etter ein lang dag i Ålfotdalen! Utan denne hjelpa hadde det kanskje ikkje vore mogleg å utføre  jobben!

Ny disposisjonen av  Bower-Jørgensenorgelet er teikna  av kantor Ralph Cupper i samråd med Alistair Pow (tidl. kantor i Stryn) og Bower Organs, og instrumentet har no fått tre manualar og 40 klingande register med om lag  3200 ulike piper og ventilar

Den nye spelepulten er i eik og plassert om lag der den gamle sto. Alt er nytt, med unntak av pedalklaviaturet, som er restaurert.
Spelepulten er elektronisk, med moglegheit for playback. Heile systemet som koblar spelepulten mot pipene er styrt av to pcar og programmet Musicom2.

Totalkostnaden med restaurering av orgelet er på ca. 2 mill. kr. Dette er midlar som Eid kommune har stilt til rådvelde gjennom årlege  løyvingar til investeringar i kyrkjeleg sektor.

Vi gler oss no over å ha eit nyrenovert, godt fungerande og enno betre orgel i Eid kyrkje!

  



Historiske disposisjonar:
Jørgensen-orgel 1898      Jørgensen-orgel 1961      frå 1999      frå 2002      "Deleorgel" (Vestre-orgelet)

Gedacht 8
Gemshorn 8
Gamba 8
Principlal 8
Oktav 4
Fløyte 4
Tremolo
     Hovudverk
Gemshorn 16
Principal 8
Røyrfløyte 8
Gemshorn 8
Oktav 4
Spissfløyte 4
Røyrkvint 2 2/3
Oktav 2
Blockfløte 2
Mixtur 4 fag
Trompet 8

Svellverk til Hovudverk
Svellverk til Hovudverk 4


Svellverk
Gemshorn 16
Gedakt 8
Unda Maris TC 8
Principal 4
Kvintaton 4
Spissfløyte 4
Blokkfløyte 2
Terz 2 2/3
Larigot 1 1/3
Siffløyte 1
Mixtur 5 fag
Oboe 8

Tremolo
Svell Oktav
Svell Suboktav
Svell Normal av


Pedal
Principal 16
Subbass 16
Gemshorn 16
Oktav 8
Rørfløyte 8
Gemshorn 8
Oktav 4
Percussjon 2
Basoon 16

Svellverk til Pedal
Positiv til Pedal
Hovudverk til Pedal
Hovudverk til Pedal 4
     Hovudverk
Gemshorn 16
Principal 8
Røyrfløyte 8
Gemshorn 8
Oktav 4
Spissfløyte 4
Røyrkvint 2 2/3
Oktav 2
Blockfløte 2
Mixtur 4 fag
Trompet 8
Jubileums Trumpet 8

Svellverk til Hovudverk
Svellverk til Hovudverk 4


Svellverk
Gemshorn 16
Gedakt 8
Unda Maris TC 8
Principal 4
Kvintaton 4
Spissfløyte 4
Blokkfløyte 2
Terz 2 2/3
Larigot 1 1/3
Siffløyte 1
Mixtur 5 fag
Oboe 8

Tremolo
Svell Oktav
Svell Suboktav
Svell Normal av


Pedal
Principal 16
Subbass 16
Gemshorn 16
Oktav 8
Rørfløyte 8
Gemshorn 8
Oktav 4
Percussjon 2
Basoon 16

Svellverk til Pedal
Positiv til Pedal
Hovudverk til Pedal
Hovudverk til Pedal 4
     Hovudverk
Gemshorn 16
Principal 8
Røyrfløyte 8
Gemshorn 8
Oktav 4
Spissfløyte 4
Røyrkvint 2 2/3
Oktav 2
Blockfløte 2
Mixtur 4 fag
Trompet 16
Jubileums Trumpet 8

Svellverk til Hovudverk
Svellverk til Hovudverk 4


Svellverk
Gemshorn 16
Gedakt 8
Unda Maris TC 8
Principal 4
Kvintaton 4
Spissfløyte 4
Blokkfløyte 2
Terz 2 2/3
Larigot 1 1/3
Siffløyte 1
Mixtur 5 fag
Oboe 8

Tremolo
Svell Oktav
Svell Suboktav
Svell Normal av


Pedal
Principal 16
Subbass 16
Gemshorn 16
Oktav 8
Rørfløyte 8
Gemshorn 8
Oktav 4
Percussjon 2
Basoon 16

Svellverk til Pedal
Positiv til Pedal
Hovudverk til Pedal
Hovudverk til Pedal 4
     Hovudverk
Principal 8
Røyrfløte 8
Salisional 8
Oktav 4
Gedaktfløyte 4
Oktav 2
Mixtur 3 fag

Svellverk til Hovudverk

Svellverk
Gedakt 8
Nachthorn 4
Nasat 2 2/3
Blokkfløyte 2
Kromhorn 8

Tremolo
Svell Oktav
Svell Suboktav
Svell Normal av


Pedal
Subbass 16

Svellverk til Pedal
Hovudverk til Pedal
 

Tilbake