Alle rettigheter 2018 Eid kyrkjelege fellesråd

30 år med Karin og Ralph Cupper


Feiring på Eid kyrkjetun      

 

I samband med prostevitjinga 2018, som var felles for stabane i Eid og Selje, hadde vi ei lita markering for Karin og Ralph Cupper som har vore hos oss i over 30 år.

 

I høve Karin og Ralph sitt jubileum fekk vi overaskingsbesøk av varaordførar Kirsti Ohrvik Olsen. 

Kirsti sa fine ord til jubilantane og delte ut ei lita gåve til kvar frå Eid Kommune.

 

Helsinga frå Eid Kommune i høve 30-årsjubileumet:

Feiring av 30-årsjubiléet til Ralph og Karin Cupper på Eid kyrkjetun

Ralph og Karin har vore sentrale i kyrkje- og musikklivet i Eid sidan dei kom hit frå England i 1988.

Ralph har i utrulege 30 år gitt bygda vår orgelmusikk på høgt internasjonalt nivå til alle livets anledningar, både i glade og i triste stunder – åleine eller saman med andre musikarar.

Ralph har vore sterkt medverkande til at kyrkja i Eid har blitt eit «levande kulturhus» med små og store konsertar, ikkje minst gjennom tradisjonen «Aftenmusikk», som han har gått i bresjen for.

Ralph er heller ikkje vanskeleg å be når det skal arrangerast konsertar for veldedige føremål i lokalmiljøet. Han engasjerer seg for at eldre skal få musikk i kvardagen, og har også vore ein flittig andaktshaldar som har blitt sett stor pris på på eldreinstitusjonane i Eid. Han har engasjert seg for å gje born og unge eit tilbod på song og musikk i Eid kyrkje. Han har vore dirigent for fleire kor, og er no dirigent for Eid Felleskor i Eid sokn. I tillegg har han halde ved like ei internasjonal karriere som organist, med konsertturnear internasjonalt.

Og heile tida har han hatt god hjelp og støtte frå Karin – eg trur det er rett å seie at det er dei to saman som har lukkast så godt til det beste for lokalsamfunnet på Eid dei siste 30 åra. Og så har Karin også hatt sine eigne prosjekt – ikkje minst forfattarkarriera, som har resultert i mange bøker med lokalt tilsnitt dei siste åra. 

 

Tilbake