Alle rettigheter 2018 Eid kyrkjelege fellesråd

Lys Vaken 2018


24.-25. november vart det halde Lys Vaken for born på 6. trinn i Eid kyrkje.

 

Det møtte born både frå Eid, Kjølsdalen og Stårheim sokn til dette som er kyrkjene i Eid sitt største arrangement for denne aldersgruppa.

Etter frammøte, presentasjon og ein song, hadde vi kyrkjevandring, der borna fekk lære litt om kva dei ulike delane av kyrkja er til. Så fekk dei ei lita innføring i å leite fram i Bibelen, med ekstra fokus på Jesus i Tempelet som 12-åring.

Seinare var det tid til både gudstenesteplanlegging, formingsaktivitet, mat, uteleik, fakkeltog, andakt, bøn og meir song før nattero kring midnatt.

Preiketeksten søndag var den særs høvande likninga om dei ti brudejentene, ein tekst som handlar om å vere vaken og budd for Jesus. Ein del av borna hadde øvd inn ei lita, fin dramatisering til denne teksten. Etter preika stilte alle borna seg opp og song Lys Vaken-songen. 

Foreldre stilte med pizza til kvelds, vakne nattevakter og påsmurt mat til frukost. 
Frå kyrkjekontoret stilte Beate Folkestad Osdal (fagleg ansvarleg), Marta Elvebakke (hovudansvarleg), Ingve Elvebakke (musikk) og Maren Fisknes (forming).

Tusen takk for lånet av borna denne helga! Det er inga sak å halde slike arrangement med så kjekke born og hjelpsame foreldre!

Tilbake