Alle rettigheter 2019 Eid kyrkjelege fellesråd

VELDIG GODT RESULTAT AV KONFIRMANTANE SIN FASTEAKSJON!


 

Tysdag 9. april gjennomførte konfirmantane i Eid den årlege «fasteaksjonen» som er ein landsdekkande innsamlingsaksjon til inntekt for Kirkens Nødhjelp.

Kyrkjeverje Kristen Hundeide fortel at resultatet av innsamlinga dette året er svært godt. «I setlar og mynt kom det inn kr. 58.873 i bøssene. I tillegg rappoererer Kirkens Nødhjelp at det vart Vippsa i overkant av 11.000 kroner frå innbyggjarar i Eid kommune. Og då er vi svært nær det aller beste resultatet som nokon gong har vore på denne aksjonen i Eid!» opplyser kyrkjeverja.

Kyrkjeverja vil gje både ros og takk til dei tilsette i Kyrkja som har planlagt og organisert innsamlingsaksjonen, og til foreldra som stiller opp og køyrer konfirmantane kring om i kommunen! «Men største takka skal gå til konfirmantane sjølve som både sprang og sykla med bøssene, og som verkeleg la seg i selen for å få eit godt resultat! Dette er eit svært verdifullt bidrag til det viktige arbeidet som Kirkens Nødhjelp driv hos dei som lid naud kring om i verda» avsluttar Hundeide.

Tilbake