Avskilsgudsteneste for prost Rolf


Det var mange som hadde funne vegen til Eid kyrkje søndag 17/11 kl. 16.00 for å delta på avskilsgudsteneste for prost Rolf Schanke Eikum.

 

Rolf har vore prost i Nordfjord i 26 år - og at Nordfjordingane har sett pris på prosten sin var tydeleg både i gudstenesta og på kyrkjekaffien etterpå.

Prosten var sjølv liturg under gudstenesta og heldt ei framifrå preike med både attersyn, visjonar og takk. Ellers deltok også Eid Mannskor, der prosten har vore medlem i over 20 år, under gudstenesta.

Etterpå hadde sokneråda stelt i stand flott kyrkjekaffi på Eid Kyrkjetun der det var mange som ville helse og takke Rolf for både teneste og vennskap. Ekstra stas var det også at i tillegg til Rolf og fru Åshild hadde alle dei fire borna deira teke turen til Nordfjordeid saman med familie for å vere med på avskilsgudstenesta.

Dei som ikkje hadde høve til å vere til stades i kyrkja og på Kyrkjetunet denne kvelden kan lese avskilspreika til prost Rolf nedanfor:


Avskilspreike, Eid 17.11.2019. Ps. 100, Ef.2.8-10, Luk. 15.11-24.
På denne avskilsgudstenesta har eg lyst å vere litt personleg og ta fram nokre sider frå bibel og opplevingar som har prega mitt Gudsbilete. Og sidan vi har ettermiddagsgudsteneste så står ein litt friare i tekstval.
Før eg skulle ordinerast til prest i juli 1977, leita eg etter eit motto, eit bibelord, som eg skulle ta med meg inn i prestetenesta. Då slo dette ordet frå salme 100.2 ned i meg: Ten Herren med glede! Eg ynskte å vere ein tenar, ikkje ein herskar, jfr. fotvaskinga , der Jesus har gjeve oss eit føredøme. Kven skulle eg tene? Jau, Herren. Og Herren Jesus sa at det du gjer mot ein av mine minste, gjer du mot meg. Ved å tene mine medmenneske, tener eg Herren. Korleis skal vi tene? Jau, med glede. For evangeliet= glade, gode bodskap, ja ein gledesbodskap som eg håpa kunne prege meg slik at eg også formidla evg med glede. Og i dag med både kone, barn og barnebarn til stades, så kan eg seie at eg har kjent på gleda å få stå i denne teneste. Ja, eg kan seie eg har fått erfart det salmisten seier i Ps. 100:
Ten Herren med glede . For Herren er god, hans miskunn er evig, hans truskap varer frå ætt til ætt. (v.2+5).
Ja, eg kjenner meg igjen i salmisten si erfaring av Gud.
For snart 26 år sidan, jan 1994, vart eg innsett i Eid kyrkje som sokneprest i Eid prestegjeld og prost i Nordfjord av biskop Per Lønning. Han hadde utfordra meg til å søke stillinga. Teksta eg tala over på innsettingsdagen var frå Joh. 1.29, der Johannes døyparen står og peikar på Jesus og vitnar: Sjå, der er Guds Lam som ber verdsens synd.
Eg hugsa eg snudde meg mot altartavla, peika på Jesus og sa at eg ynskte med mi teneste her i Eid og Nordfjord å få vere ein som kunne peike på Jesus som det Guds Lam, som ber bort både mine og andre sine synder og som står med dei opne armane mot oss alle.
Og denne altertavla og altertavla i Stårheim- (bilete 1) har begge Kristus med dei opne armane som inviterer og seier: Kom til meg alle. Eg ville vere med å formidle at alle var velkomne, uansett alder, situasjon eller posisjon.
Desse altertavlene uttrykte noko av det same som eg opplevde i starten av mi presteteneste. Som res.kap i Aukra med bustad på Harøy i Romsdal, var eg òg prest i Otrøy kyrkje i Midsund kommune. Då eg skulle innsettast i Otrøy kyrkje i august 1978 så måtte eg reise med ferja kl. 0700 og kom fram til Otrøy kyrkje kl. 0900. Kyrkja var opa, men ingen til stades. Eg går inn, spent på korleis kyrkja som eg skal tenestegjere i, ser ut. Hadde aldri vore i kyrkja der før. Auga mine søker fram mot alteret. Kva er sentralt i altermotivet? Framme på alteret står det ein mannshøg Kristus figur, (bilete 2), Thorvaldsens Kristus, med opne armar mot meg. Eg kjenner meg dregen fram mot den opne famna, kneler, ser opp og oppdagar naglemerka i hendene og på føtene. ( bilete 3. Nærbilete av Thorvaldsens Kr. Fig.). Der og då får eg ein Kristusvisjon- kjenner meg motteken og stadfesting av kallet som prest. Du Rolf, du skal formidle Kristus med dei opne armane som seier: Kom til meg alle, både når dei kjem med dei små dåpsbarna, konfirmantane, brudepara, til gudsteneste, til nattverd eller når dei kjem med ein av sine kjære i gravferd. Ja, uansett alder, posisjon og situasjon, sorg eller glede: Kristus står med dei opne armane og tek imot! Og eg må ikkje stenge for han, men peike på han som det Guds Lam som ber verdsens synd og som elskar meg og oss alle så høgt at han gav sitt liv for oss! Dette biletet av Jesus vart stadfesta og fornya i møte med altertavlene her i Eid og Stårheim.
For korleis er Gud? Dei gamle kyrkjefedrene sa: Deus semper major. Gud er alltid større; større enn våre ord om Gud, og større enn våre tankar om Gud. Evangelisten Johannes seier det slik i sitt 1. kap. V.18. Ingen har nokon gong sett Gud. Men den einborne Sonen, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven Gud er. Med andre ord: Korleis er Gud? Svar: Sjå på Jesus. Han viser oss korleis Gud er. Jesus har òg gitt oss denne likninga som vi populært kallar likninga om den bortkomne sonen. Den yngste av to søner, kjem til faren og seier: Far, lat meg få den delen av formua, arven som fell på meg. Uhøyrt! Men faren nektar han det ikkje. Han reiste til eit land langt borte og levde eit vilt liv og sløste bort arven sin. Faren hindrar han ikkje. Han gir fridom under ansvar. Men når sonen hadde sett alt over styr og det vart uår og han tok til å lide naud, så søkte han seg arbeid. Det einaste arbeidet han fekk, var å gjete griser og løna var å få ete grisematen. Djupare kan ikkje ein jøde falle, for svin er ureine dyr for jødane som ikkje kan etast eller vere nær. Men då står det at han gjekk i seg sjølv og tenkte kor mykje betre hadde ikkje leigekarane det heime hos faren? Så han bestemte seg for å gå heim og seie: Far, eg har synda mot himelen og mot deg. Eg er ikkje verdig og kallast son din. Men lat meg få vere som ein av leigekarane dine. Så braut han opp og gjekk heim til far sin. Så står det- og det er eitt av dei finaste bibelversa synes eg - : Alt medan endå han var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, (bilete 4.) kasta seg om halsen på han og kyste han. Eg les mellom linjene at faren går ned til grinda dagleg, speidar og ser om hans bortkomne barn kjem heim. Og så, denne dagen,- ser han, medan han var langt borte ein fillefrans som han gjenkjenner som barnet sitt og kjenner på inderleg medkjensle og spring han i møte. Bryr seg ikkje om skitt og griselukt, men kastar seg om halsen på han og kyste han.(bilete 5 omfamninga) Sonen kjem med si syndsvedkjenning: Far, eg har synda mot himelen og deg, og er ikkje verdig og kallast son din lenger. Men faren sa til tenarane: Skund dykk! Finn fram dei beste kleda og ha dei på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene. Ringen er teikn på soneforhold og arving. Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halde måltid og feire. For denne son min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen. Og så tok festen og gleda til.
Ja, slik er Gud! Jesus syner oss gjennom denne likninga korleis Gud er. Gud kjem oss i møte med dei opne armar uansett vår fortid og kva gale vi har gjort. Vi kallar det ufortent, gratis, nåde.
Paulus er teologen. Han kan seie det presist og med få ord slik vi høyrde det i 2. lesinga: Av nåde er de frelste, ved tru. Ikkje av gjerningar, så ingen skal rose seg.
Jesus er pedagogen. Han fortel likninga om den bortkomne sonen som fortel levande at det ikkje er gjerningane som frelser, men å kome heim til Far slik ein er, med godt og gale. Og ein får tilbake soneforholdet, blir arving igjen, heilt ufortent, gratis, berre av nåde. For å kome med sitt sanne liv til Gud, det er tru, tillit. For Gud som vår himmelske Far er raus og kjærleg og tek imot oss uansett bakgrunn.
Å kalle Gud Far, å bruke farsbilete om Gud, kan bli opplevd ulikt- alt etter kva slags far vi har/har hatt. Eg hadde ein snill og raus far, slik at for meg kan det gå i hop. Men hugs: Deus semper major. Gud er alltid større! Gudsbileta i GT og NT er ikkje like lett å foreine. Men som kristne les vi GT gjennom NT si tolking. Vi kjenner oss forplikta på det Jesus lærer oss om Gud. Det er han som syner oss korleis Gud er. Ja, Han vil at vi til og med skal elske våre fiendar! Det er grensesprengande nytt! For slik Jesus er, slik er Gud, for han har synt oss kven Gud er!
I snart 26 år har eg stått inn for denne altertavla i Eid kyrkje: (Vis bilete 6) Kristus med dei opne og velsignande armar. Christus consolator = Kristus trøystaren. Under stod det Kom til mig. (Opprinneleg av dansken Carl Bloch, måla av Cecile Dahl) Eg synes noko manglar på altartavla. Fo er det berre triste og sjuke som skal få kome til Kristus? Kvar er dei glade, friske? Har ikkje dei bruk for Kristus? Er det berre når vi er sjuke, i nød, i sorg vi treng Jesus? Ja, det er mange som vitnar at dei i nøden søkte Gud og fekk hjelp og fekk eit meir personleg forhold til Gud og Jesus.
Men for meg som har hatt god helse, hatt meir medgang i livet enn motgang, ein god barndom, hatt flaks med å få ei fantastisk kone som har stilt opp og stått ved mi side i snart 50 år, kjekke barn og barnebarn, gode medarbeidarar og godt forhold til både frivillige og tilsette, så torer eg å seie at eg anar litt av det som Pls skriv i Rom 2.4. Skjønar du ikkje at Guds godleik driv deg til omvending? Jau, det skjønar eg meir og meir av. Guds ufortente godleik, nåden, blir berre større og større for meg. Og det driv meg nærare Gud i takk for alt han har gjeve meg, både i forhold til familie, kollegaer, teneste, utfordringar og helse.
Eg kjenner meg igjen Lina Sandell sin salme: Jag kan icke rekna dem alla, de prov på Guds godhet jag rønt. Lina Sandell fortel i ei bok korleis denne salmen vart til. Ho kom over eit bilete av ein elev som sat og strevde med eit stort reknestykke med mange og store tal. Plutseleg såg ho seg sjølv som denne eleven som sat med dei store tala og ikkje fekk reknestykket til å gå opp. Og tala representerte all den godleik og kjærleik som Gud hadde synt henne mitt opp i hennar sjukdom og svakhet. Dei var uteljande! Og så kom berre desse orda fortel ho:
Jag kan icke rekna dem alla,
de prov på Guds godhet jag rønt;
likt morgonens droppar de falla
och glimma likt dessa så skjønt.
v. 3 Jag kan icke rekna dem alla,
men ack, må jag takka dess meir.
Eg vil seie takk både til Gud og menneske, og istemme den gamle latinske lovprisinga:
Soli Deo Gloria! Einast Gud skal ha æra!
Ære vere Faderen og Sonen og Den Heilage Ande som var og er og vera skal, ein sann Gud frå æva og til æva!