Nordfjord Prostiråd arrengerer også i år Kyrkjedag for Nordfjord.
Dato er sett til laurdag 29. oktober - og staden er Eid kyrkje og Eid kyrkjetun.
Hovudtema i år er Bibelen - og vi har fått prest og fotojournalist Dag Kjær Smemo som føredragshaldar. Dag Kjær Smemo er også tidlegare ungdomsprest og konfirmantprest. Han har vore leiar for Kristen Filmtjeneste, informasjonsleiar i Israelsmisjonen og bibelmisjonsleiar i Bibelselskapet. Siste åra har han vore fotojournalist for United Bible Societies. Han var også ansvarleg for lanseringa av Bibel 2011.I hovudføredraget sitt (som tek til ca. kl. 12.00) vil Smemo m.a. snakke om kor aktuell Bibelen er i kvardag og daglegtale og korleis Bibelen har prega språket vårt. Han vil naturleg nok også kome inn på Bibelselskapet sitt 200 års jubileum og stille spørsmålet: «Treng vi framleis eit bibelselskap og ein Bibel?»
Etter middagspausen blir det ei variert samling der Smemo snakkar meir om Biblen i ulike samanhengar - og der kantor i Gloppen, Anders Rinde, fortel om, og let oss vere med å synge, bibelske salmar. Anders Rinde har vore kantor i Gloppen sidan 1983 og er ein framifrå musikar og formidlar! Vi ser med glede og forventning fram til samarbeidet mellom han og Smemo om Bibel og bibelske salmar!
Sjå programmet nedanfor - og meld deg på!!
Kyrkjedagen er open for alle - velkomen til ein interessant dag!!
