Kjære 5. klassingar og foreldre/føresette!
Det er ei stor glede for oss i kyrkja å ønske dykk velkomne til gudsteneste med utdeling av bibel:
Søndag 11. september kl. 11.00 i Kjølsdalen kyrkje.
Søndag 11. september kl. 15.00 i Eid kyrkje.
Søndag 18. september kl. 11.00 i Stårheim kyrkje.
Søndag 18. september kl. 15.00 i Heggjabygda kyrkje.
Dersom det ikkje passar å møte i den kyrkja de høyrer til er de velkomne til å møte i ei anna kyrkje. Utdeling av bibel er eit tilbod til alle, også dei som ikkje er døypte. Bibelen vert brukt i Minikonfirmantsamlingane som de snart får invitasjon til, og i konfirmantundervisninga.
Om nokon ikkje har høve til å kome på gudstenesta, men ønskjer bibel, kan de ta kontakt og eventuelt hente den på kyrkjekontoret. Velkomen til kyrkje med heile familien!
Med venleg helsing
Kaare Michael Christoffersen, ungdomsprest