Påska 2020 kan ikkje feirast på vanleg måte. Då vil vi feire på uvanlege måtar.
Vi inviterer deg og dine til aktiv og interaktiv påske i Ervik, Leikanger og Selje sokn!
Stikkorda våre er vandringa – måltidet – steinane – klokkene – lyset – gleda!
VANDRINGA er ei påskevandring i lett tilgjengeleg løype utandørs med start ved kvar av kyrkjene våre. 14 stasjonar med fine kunstplakatar som formidlar den glade påskebodskapen. Gå vandringa når du vil - åleine eller saman med dine - sjå bileta og les bibeltekstane. Vandringa blir ståande heile påsketida til pinse.
Med atterhald om ver og føreforhold håpar vi å få løypene klare til palmesøndag 5. april.
MÅLTIDET handlar om Skjærtorsdag. Då inviterer vi deg til å dele eit bilete av ditt påskemåltid på facebooksida til kyrkjene i Selje. Der vil vi også leggje ut ein tekst om Jesu siste måltid med sine vener som du kan lese der du er.
STEINANE handlar om Langfredag. Den dagen Jesus tok våre bører på seg.
Har du ei bør? Om du då går ein tur – finn deg ein stein – la den symbolisere det som tyngjer deg og legg den på kyrkjetrappa. Om kvelden vil vi be for alt som er blitt lagt der.
KLOKKENE handlar om kyrkjeklokkene. Påskeafta ringjer dei høgtida inn i alle sokna mellom kl. 17-18. Lytt til klokkene og be ei bøn for bygda di.
LYSET er påskenatta sin mektige bodskap: Lyset kan ikkje stoggast av mørkret!
Døden vinn ikkje over Jesus - lyset i verda!
Tenn eit lys der du er og la lyset tale til deg.
GLEDA er påskedagen sitt ord! Vi heiser flagget og syng «Påskemorgen slukker sorgen»! Presten kjem til ein stad nær ditt vindauge – dør – hage – terrasse – balkong – altan og syng saman med deg.