I alle sokna er det julekonsertar i kyrkjene før jul eller i romjula, og dei fleste av sokneråda arrangerer ein tradisjonell julekonsert med lokale aktørar.
I Kjølsdalen sokn fell denne julekonserten stort sett på siste søndag i advent. Soknerådet får god hjelp av Kjølsdalen musikklag med arrangementet. I tillegg deltek som oftast Kjølsdalen skulekorps, elevar frå Kjølsdalen Montessoriskule, elevar frå Stad kulturskule og Vindfylla spelemannslag m.fl. Konserten er gratis, men det vert teke opp kollekt til eit godt føremål. Årets konsert er søndag 21.12, og då er det kollekt til Frelsesarmeen. Takk til alle som lagar so flotte julekonsertar i kyrkjene våre!
Foto: Siri Kolseth (Fjordenes Tidende)