Sokneråda har mange oppgåver, og det blir gjort mykje dugnadsarbeid i løpet av eit år.
Nokre sokneråd hjelper til med nedvask av kyrkjene medan andre hjelper til med rydding på kyrkjegardane. Nokre sokneråd pynter kyrkja til jul og mange soknerådsmedlemer stiller som medhjelparar på gudstenester og andre arrangement.
Stårheim sokneråd arrangerer kvart år vårdugnad på kyrkjegarden og medlemmene byter på oppgåva som medliturg og kyrkjevert på gudstenestene. Som vi ser under vert juletreet fint pynta til jul! Takk til alle soknerådsmedlemer for alt det gode arbeidet!