Påmelding innan 6. november!

Til alle 5. klassingar i Eid prestegjeld!
Vi ønskjer å invitere alle 5. klassingar til å vere med som Minikonfirmantar. Minikonfirmantopplegget er ein del av trusopplæringa for kyrkja, men du treng ikkje vere døypt for å vere med. Minikonfirmantopplegget består av 5 samlingar. Det vil seie 2 samlingar før jul, to etter jul og ein stor leir på Fjordly.
Minikonfirmantsamlingane blir:
Onsdag 9. november
Onsdag 30. november
Onsdag 11. januar
Onsdag 25. januar
Minikonfirmant-leir på Fjordly 17-19. februar (kjem meir informasjon etter jul)
Alle torsdagssamlingane blir på Eid kyrkjetun frå kl. 15.00-17.00.
Frå 15.00 til 15.30 kan dei som vil komme og gjere lekser på kyrkjetunet (ungdomspresten er tilstades).
Alle frå Eid, Kjølsdalen, Stårheim og Heggjabygda er minikonfirmantar ilag.
Samlingane begynner med ein liten matbit, sidan dei fleste elevane kjem rett frå skulen. Vi utfordrar foreldre til å ta med enkel mat til kvar samling til dømes bollar, pizzabollar, platekake, svele, frukt. De kan melde frå om kva for ei samling de kan ha med mat når de melder barnet dykkar på. I tillegg til å ete skal vi leike, synge, lære om Jesus, personar i Bibelen og andre viktige kristne tema. Alle må ta med bibel og skrivesaker til samlingane.
Alle våre arrangement skal vere for alle. Det vil seie at vi ynskjer å leggje til rette for at alle barn, uansett funksjonsnivå, skal kunne vere med på våre arrangement.
Ta kontakt om det er behov for tilrettelegging, eller om de har spørsmål knytt til dette.
Påmelding skjer ved levering/sending av påmeldingsslipp til kyrkjekontoret eller på telefon. Frist for påmelding er søndag 6. november.
Med venleg helsing
Beate Folkestad Osdal, kateket
Øystein Mathisen, sokneprest
Asbjørn Eikenæs, musikalsk medarbeidar
Kaare M Christoffersen, ungdomsprest