Onsdag 30. mars arrangerte dei "Grøne prostikontaktene" i Nordfjord inspirasjonssamling for sokneråda med tema "Vern om Skaparverket - kvifor skal vi bry oss, og korleis?"
Rådgjevar hos Bjørgvin bispedøme, Vetle Karlsen Eide, var gjest på samlinga - og heldt eit inspirerande og interessant føredrag om korleis vi kan setje fokus på skaparverk, miljø og bærekraftig utvikling i dei ulike tiltaka og tenestene Kyrkja har.
Sjå bilete frå samlinga nedanfor.
Vil du vite meir om "Grøne kyrkjelydar" og miljøengasjement finn du m.a. dette på www.gronnkirke.no
"Grøne prostikontakter" i Nordfjord er:
Jon Ytrehorn, Hornindal, tlf. 97953858
Kristen Hundeide, Nordfjordeid, tlf 97034535

Forsamlinga følgjer med på føredraget

Vetle Karlsen Eide