Kveldsbønsamling Kjølsdalen og Stårheim sokn


Kveldsbønsamling Kjølsdalen og Stårheim sokn


Kvelsdbønsamling i Kjølsdalen og Stårheim sokn
Vi har gleda å innby alle i Kjølsdalen og Stårheim sokn fødde i 2012 og 2013 med familie, til ei samling i
SAMLINGSHEIMEN PÅ STÅRHEIM TORSDAG 27. AUGUST KL. 17.30-18.30.

Alle 2 åringane skal få ei bordbrikke med fine teikningar av kyrkjene på Eid og eit bordvers og ei kveldsbøn på. 
Alle 3 åringane skal få noko til hjelp når ein skal be kveldsbøn. Dei kan velje mellom ein cd (med hefte) som heiter «Nå lukker seg mitt øye» eller eit bilete med ei kveldsbøn til å henge over senga.

(Dei 3 åringane som ikkje fekk bordbrikke i fjor kan og få den.) 

Program: Vi skal ha ei lita samlingsstund, synge, leike med såpebobler, ha utdeling av gåver og ete ein enkel kveldsmat med havregrynsgraut og brødmat.

Påmelding innan måndag 24. august (men gjerne før) på: 
Tlf. 57861755 eller e-post: kyrkjekontor@eid.kommune.no
Husk å gje beskjed om kor mange i familien som kjem og eventuelt behov for tilrettelegging (t.d allergi for mjølk). 
Velkomne!

Vennleg helsing
Asbjørn Eikenæs, musikalsk barne- og ungdomsarbeidar 
Heidi Isene, trusopplærar
Beate Folkestad Osdal, kateket


Tilbake