Hallo Venn- arrangementet i Eid Idrettshus 31. oktober vart ein kjempesuksess.Initiaitivet vart møtt med stor velvilje og entusiasme og svært mange aktørar stillte opp og deltok. Sirkuslinja ved Fjordane Folkehøgskule hadde t.d. lage eit eige show til denne kvelden! Det var gjordt eit fantastisk førearbeid - og barna kunne delta på om lag 30 aktivitetar og tiltak! Vi hadde vona at det ville kome i alle fall mellom 300 og 500 denne kvelden. Til vår store glede og overrasking strøymde folk på - og
til saman var det mellom 1000 og 1100 personar innom dørene!!Stor takk til alle som var med og bidrog til å gjere dette til ein suksess! Dette gjev inspirasjon og pågangsmot til å gjenta dette neste år!
Nedanfor ser du eit par bilete frå hallen som viser litt av kor mange som var til stades. Desse bileta er tekne av Ingvald Frøyen.

Til slutt ei ekstra stor takk til to fantastiske damer som har "drege lasset" frå start til mål:
Beate F. Osdal

og
Heidi Isene

Kor mange timar desse to har lagt ned veit vi ikkje - men dei har stått på frå tidleg i vår og fram til no for å få dette i hamn!
VEL BLÅST - OG TUSEN TAKK!!