Eid kyrkje torsdag 11.oktober kl. 19.00
Opera Nordfjord arrangerer tradisjonen tru konsert i Eid kyrkje til inntekt for TV-aksjonen - som i år går til det viktige arbeidet som Kirkens Bymisjon gjer. Solistar og musikarar frå operaen La Bohème stiller opp med eit variert program.
Hjarteleg takk til initiativtakar Kari Pavelich og Opera Nordfjord for at dei tek seg tid til å arrangere denne konserten midt i dei hektiske operavekene!
Velkomen til konsert i Eid kyrkje torsdag 11. oktober - MINDRE ALEINE SAMAN!