Julesamling for tilsette i Selje og Eid


JULESAMLING FOR TILSETTE I SELJE OG EID

Tysdag 18. desember var alle tilsette i Selje- og Eid Kyrkjelege Fellesråd samla til felles julemåltid og hyggeleg samvær på Eid Kyrkjetun. Kjøkkenet på Kyrkjetunet sytte for svært velsmakande julemat og det såg ut til at dei frammøtte kosa seg! Det var første gongen vi samla alle som snart skal bli Stad Kyrkjelege Fellesråd til felles julesamvær. Takk til kvar og ein for godt og samvitsfullt utført teneste i året som snart er ute – og vel møtt att til nye utfordringar i 2019!

  

 

Under bordseta viste også Asbjørn Eikenes fram eit måleri han har laga av Maria – der ei jente frå Sandane har vore modell. Fantastisk at Asbjørn i tillegg til sine musikalske gåver også har slike kvalitetar!

GOD JUL til alle!

Tilbake