Tankar i Påskenatta 2020


Tankar i Påskenatta 2020


av Eli-Johanne Rønnekleiv, sokneprest i Selje, Leikanger og Ervik

Dette er natta då Kristus braut dødens lekkjer og sigrande stod opp frå dødsriket!

Påskenattas evangelium les vi i evangeliet etter Markus, kapittel 16, versa 1-8:
Då sabbaten var til ende, kjøpte Maria Magdalena og Maria, mor til Jakob, og Salome angande olje, for dei ville gå og salva han. Tidleg om morgonen første dagen i veka kom dei til grava med det same sola rann. Dei sa seg imellom: «Kven skal vi få til å rulla steinen frå gravopninga?»

Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var rulla til sides. Han var svært stor.

Då dei kom inn i grava, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, kledd i ein lang, kvit kjortel.

Dei vart gripne av otte og undring, men han sa til dei: «Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, den krossfeste. Han er stått opp, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han! Men gå av stad og sei til læresveinane hans og til Peter: ‘Han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han, slik han har sagt dykk.’» Då gjekk dei ut att og rømde frå grava, skjelvande og frå seg av redsle.

Og dei sa ikkje eit ord til nokon, for dei var redde.

Salmediktaren Svein Ellingsen (13.7.1929 – 5.4.2020) skriv:

Døden må vike for Gudsrikets krefter!
Du som var død, er vår Herre i dag!
Kristus, du lever og står ved vår side
her hvor vi rammes av jordlivets slag.

Gudsrikets krefter let seg ikkje stanse.
Ikkje av stor stein. Engelen er sterkare!
Ikkje av mørke. Lyset skin!
Ikkje av død. Livet vinn!
Den oppstadne Jesus Kristus er lyset som lever.
Vi får leve med han. I alt.
Godt og vondt. Lett og vanskeleg.

Selv om vi føler oss svake i verden,
bærer vi i oss et grunnfestet håp:
Livets oppstandelse påskedagsmorgen,
underet, skjedde på ny i vår dåp.

Gudsrikets krefter er tydelege i dåpen.
Dåpen er vår påskemorgon.
I dåpen velsignar Gud oss til evig tid.
I dåpen frelser Jesus Kristus oss til evig liv.
I dåpen blir Den heilage Ande gitt oss til evig trøyst.

Livet og døden, ja, alt er forvandlet!
Dåps-vannet gjenspeiler regnbuens pakt.
Troen er gitt oss: Guds rike skal seire!
Mørket som binder oss, mister sin makt.

Gudsrikets krefter då Gud sa: «Bli lys!»
Då Gud gav Noah regnbogen som håpsteikn.
Då Gud let Israelsfolket gå tørrskodde gjennom havet.
Då Jesus steig inn i vår urolege verd.
Då han tok vårt mørke på seg.

Løftet står fast når vår fremtid er truet:
Ingen skal rive oss ut av Guds hånd!
Engang skal Gud få sin skapning tilbake.
Verden blir frigjort fra fiendens bånd
.

Gudsrikets krefter er alltid i sving.
Vi er på veg mot Gud.
Vi er på veg mot nesten vår.
Vi kan vere redde – tvilande – sårbare.
I dåpen eig vi Gudsrikets krefter:
Håp! Takk! Glede!

Døden må vike for Gudsrikets krefter!
Livet er gjemt i et jord-dekket frø.
Se, i oppstandelsens tegn skal vi leve.
Se, i oppstandelsens lys skal vi dø.

 

Opptak frå salmekveld hos biskop Halvor Nordhaug 3. september 2012. Ingjerd Ellingsen les "Mennesker venter på øyne som ser" av Svein Ellingsen

 

Tilbake