Kveldsgudsteneste i Eid kyrkje


Torsdag 10.februar kl. 19 blir det igjen kveldsgudsteneste i Eid kyrkje. Dette er for alle som har lyst å bli med på ei enkel gudsteneste med lovsong, bøn og tale. Knut Gjengedal er liturg og Asbjørn Eikenæs og Magni Myklebust leier det musikalske. Ulike gjestetalarar bidrar med refleksjonar ut frå Bibelen.

 

Denne torsdagen får vi eit spanande besøk av Vegard Tennebø (bilde) frå Sandane. Vegard er gift med Hildegunn og pappa til 4 flotte gutar. Han jobbar i Normisjon og brenn for å skape fellesskap der ein saman kan utforske dei viktigaste spørsmåla i livet.

På denne torsdagen er temaet Korleis kan vi tru. Det blir også bønevandring og nattverd. Velkomen til ein kveld i kyrkja!