Kantor Ralph Cupper har litt sein ferie i år. Frå og med veke 34 skal han ut på ein konsert-turne der han m.a. skal halde konsertar i både i England og Tyskland.
Men før han reiser spelar han deler av konsertprogrammet sitt på
konsert i Eid kyrkje laurdag 19. august kl. 16.00
Her får vi høyre musikk av Franz Liszt og den norske komponisten Mons-Leidvin Takle.
Det er difor vel verd å ta turen til Eid kyrkje laurdag kl. 16.00!!
Ralph Cupper skal m.a. spele det same programmet den 3. september i Blenheim Palace i Oxfordshire i England.
Blenheim Palace er m.a. kjent som fødestad til Sir Winston Churchill som m.a. var statsminister i England under andre verdskrigen.
Du kan lese meir om Blenheim Palace og konsertane der på desse linkane:
http://www.organrecitals.com/1/recitals.php?search=Ralph+Cupper
http://www.blenheimpalace.com/whats-on/organ-recitals.html