FLOTT OLSOKMARKERING I SAGASTAD


 

Det vart ei flott Olsok-markering med gudsteneste i Sagastad søndag 26. juli! 

Sokneprest Olaf Sigrud Gundersen var liturg med vikingskipet som preikestol! I tillegg deltok medlemer frå sokneråda i Eid og Kjølsdalen, samt nokre av dei tilsette, i førebuing og gjennomføring av gudstenesta.

Kantor Ralph Cupper var ansvarleg for musikken - og han hadde med seg Inge Haugen på saksofon og eit eige kyrkjekor. Dette sette ein ekstra "spiss" på arrangementet - og særleg korsongen klang svært bra i dette storslagne lokalet!

Til saman hadde ca 160 personar funne vegen til denne gudstenesta - og det var mange blide fjes og mange tilfredse kommentarar etterpå!

Vertskapet på Sagastad sytte for at både den pålagde registeringa av deltakarane og smitteverntiltaka vart følgde.
Takk til Sagastad for samarbeidet!

Nedanfor ser de nokre bilete frå gudstenesta: