GRATULERER BEATE!!


 

Vi gratulerer hjarteleg tidlegare kateket i Eid, Beate Folkestad Osdal, som i dag var ordinert til prest i Valdeøy kyrkje av biskop Ingeborg Midttømme i Møre bispedøme!!

Beate vaks opp på Valderøya så det var nok ei spesielt stor oppleving å bli ordinert til prest i si barndoms kyrkje!
Beate er utdanna kateket og har tidlegare jobba som kateket i Selje i 12 år. I 2013 kom ho til kyrkjelydane i Eid som kateket - og arbeidde her i 4 år. Det vart knytt mange og sterke band med både små og store gjennom tenesta i Eid - og det er difor mange som no vil gratulere Beate med den store dagen og ynskje lukke og signing i tenesta vidare. 

Det var i 2016 at Beate byrja på utdanninga som prest. Ho fekk etter kvart prøve seg som vikar i ulike prestestillingar i Nordfjord.
I mars 2018 vart ho godkjent som prest i Kyrkjerådet si evalueringsnemnd etter § 6, den sokalla "profetvegen". Siste året har so difor teke praktikum i Tromsø (!) i tillegg til å vere fungerande sokneprest i Vågsøy.  

Beate går no inn i fast stilling som sokneprest i Nordfjord tenestedistrikt - og frå 1. desember i år vert ho sokneprest i Nord-Vågsøy og det nyoppretta Totland sokn. 

Nedanfor ser de bilete etter ordinasjonen i Valderøy kyrkje.
(alle foto: Stein Robert Osdal)