Miljøgudsteneste på gjenbruksbutikken


 

Søndag 13. oktober 2019 vart det halde gudsteneste i lokala til NMS Gjenbruk på Nordfjordeid. Messa hadde som hovudtema å ta vare på skaparverket, miljø og ressursutnytting, og var også ein del av konfirmantundervisninga. Både kyrkjeleg tilsette, konfirmantar og frivillige var involverte i gudstenesta. 
Predikant/liturg var Olaf Sigurd Gundersen. Konfirmantane deltok med tekstlesing og song – og dei intervjua også styreleiar i det interkommunale renovasjonsselskapet om handtering av avfall. Totalt møtte det opp 93 personar til denne «miljømessa».
Etter sjølve gudstenesta var det kyrkjekaffi og auksjon på gjenstandar som konfirmantane tidlegare hadde kjøpt på gjenbruksbutikken.

Nedanfor ser de nokre bilete frå gudstenesta....


Kø i døra........

  
Trangt mellom reolane.......
 

       
Tekstlesing

 

     
         Preike

     

   Konfirmantane syng

 

  
    Auksjon