Totland kyrkjelyd har fått nytt misjonsprosjekt!


Totland sitt nye misjonsprosjekt er arbeidet til Stefanusalliansen i Kairos sin søppelby drive av Mama Maggie. 

 

I  Egypt i hovudstaden Kairos sin «søppelby» lever tusenvis av fattige. Dei bur der, og skaffar seg ei lita inntekt ved å resirkulere dei rike sitt søppel. Vår partner Mama Maggie hjelper barna til eit liv i verdigheit. 
Stefanusbarna får gå i barnehage på «søppelfjellet», der dei får muligheit til eit betre liv. Det blir og drive eit omfattande besøksprogram der barna kvar veke får besøk av ein diakonal medarbeider som følgjer opp heile familien.
Stefanusalliansen sitt arbeid omfattar og- støtte til å sende barn og unge på leir, fleire skular,  helseoppfølgjing av barna og deira familiar og utdeling av mat og klær. Mange barn treng mellom anna sko som gjer at dei ikkje skjærer seg på kvasse gjenstander i søppelet. 
Kjerna i det mangfaldige arbeidet er kjærleiken til det enkelte barnet. Kvar dag får barna høyre at dei er verdifulle og elska, og Stefanusbarna sitt motto er: «I can – eg kan!»
Mama Maggie som driv arbeidet har med seg mange hengivne og oppofrande medarbeidarar, der mange av dei sjølve tidlegare har fått hjelp gjennom Stefanusbarna.
Stefanusalliansen har samarbeida med Mama Maggie og Stefanusbarna sidan 2005. Mama Maggie har besøkt Noreg fleire gonger og fortalt om arbeidet. Viss du vil lese meir om Mamma Maggie og Stefanusbarna kan du lese boka «Mama Maggie – på norsk» som er skrive av Eyvind Skeie på Luther forlag og utgitt av Stefanusalliansen. 
 

 

Meir info får du på Stefanusalliansen: 
Mama Maggie: https://www.stefanus.no/for-menigheten/menighetsprosjekt/egypt-mama-maggie-og-stefanusbarna/