Bjørgvin bispedøme 950 år!


Sundag 8. juli feirar Bjørgvin bispedøme 950 år med ei festgudsteneste på Selja kloster. H.M. Dronning Sonja vil vera til stades.

 

Sundag 8. juli feirar Bjørgvin bispedøme 950 år med ei festgudsteneste på Selja kloster. H.M. Dronning Sonja vil vera til stades.

Festgudstenesta, «Seljumannamessa», tek til kl. 11.30 og blir leia av biskop Halvor Nordhaug som også vil preika. Andre medverkande er blant andre biskop Bernt Eidsvig i Den katolske kyrkja og Bergen domkor saman med eit prosjektkor frå heile bispedømet.

Frå Selja til Bjørgvin
Omlag 1068 e. Kr. oppretta Olav Kyrre eit vestnorsk bispedøme med bispesete på øya Selja i Selje kommune.  Dei heilage frå Selja var så viktige for den unge kyrkja i Noreg at Selja var blitt det fyrste kraftsenteret i norsk kyrkjehistorie.

Bjørgvin bispedøme dekkjer i dag heile Hordaland og Sogn og Fjordane med 182 sokn i 59 kommunar. Kyrkja i Bjørgvin samlar også i vår tid menneske i alle bygder og byar i glede og sorg, i helg og kvardag for å møta kvarandre og æra Den treeinige Gud.

Kongeleg besøk
I 1968 besøkte dåverande Kong Olav og Kronprins Harald med Sonja Haraldsen øya Selja i samband med 900 års-jubileet for Bjørgvin bispedøme. Dette var eit av dei fyrste offisielle programma for det nyforlova paret kronprins Harald og Sonja. I år vil H. M Dronning Sonja vitje Selja att i samband med 950 års-jubiléet.

 

Fyrste båt frå Selje til øya Selja startar kl. 09.30. Siste båt går kl. 10.30 frå Selje sentrum.
Ver tidleg ute.

For meir informasjon om båtavgang, overnatting, kulturarrangement og billettar, sjå http://kyrkja.no/bjorgvin
 

 
 
 
Selja kloster. Fotograf: Kari S. Muri
Hennar Majestet Dronninga. Fotograf: Jørgen Gomnæs/Det kongelige hoff . 
Biskop Halvor Nordhaug. Fotograf: Jostein Risa