Kystpilegrimsleia opnar – ver med på den historiske fest-ferda!


I juni månad skal mellomalderen si seglingslei langs kysten, Kystpilegrimsleia, opnast.

 

 

I juni månad skal mellomalderen si seglingslei langs kysten, Kystpilegrimsleia, opnast. Tradisjonsbåten R/S Risør II seglar frå Eigersund i sør til Nidaros i nord. Undervegs blir det markeringar fleire stader.

Riksantikvaren, fylkeskommunar og fire bispedøme har stått saman i arbeidet med leia, som no er godkjend som nasjonal pilegrimsveg og del av dei europeiske kulturvegane.  Alle interesserte, kystfolk, kyrkjefolk og alt godtfolk er inviterte til å delta på den store festen langs den vakre Vestlandskysten. Du finn heile seglingsruta på våre nettsider http://kyrkja.no/bjorgvin

Det blir eigne markeringar fleire stader, bl. a. her:

Stavanger 2. juni

Moster – tirsdag 5. juni kl. 10

Halsnøy Kloster – onsdag 6. juni kl. 17:30

Bergen - laurdag 9. juni kl. 11

Kinn/Kinnaspelet - laurdag 16. juni kl. 16:30

Smøla 23. juni

Nidaros 24. juni

Selja kloster – sundag 8. juli kl. 11:30