Alle rettigheter 2018 Eid kyrkjelege fellesråd

Er du klar for den største oppgåva?


Søknadsfrist: 13. januar 2019

 

LEDIG STILLING
Er du klar for den største oppgåva? Vi i Eid søker ungdomsprest!

Å spreie den glade bodskapen hos den oppveksande generasjonen er den største og viktigaste oppgåva vi har. Det å gje ungdomar trua og håpet og lære dei måtar å følgje kjærleiksbodet på kan ha uendeleg mange positive ringverknader for lokalsamfunnet. I den rotlause tida vi er inne i er den kristne forankringa viktigare enn nokon gong. På dette området kan du som ungdomsprest i Eid utgjere den store skilnaden!

Hos oss i Eid overlet vi på mange måtar den viktigaste jobben i kyrkja til nettopp deg som vår nye ungdomsprest. Hos oss får du jobbe med fantastiske ungdomar i ein av dei flottaste og mest aktive delane av skaparverket. Nordfjord er ei utømmeleg oppkome av kreative sjeler, fantastiske festivalar og konsertar, det flottaste av norsk natur med aktivitetar som spenner frå ski til surfing, eige operahus, mange flotte kyrkjer og eit lokalsamfunn med eit tradisjonsrikt og solid fundament i dei kristne grunnverdiane. 

Vi trur du vil finne deg til rette hos oss med ein gong, i tryggleik om at du vert teken godt imot i kjærleik og at du får meiningsfulle arbeidsdagar der folk lyttar til deg og vert inspirerte av deg. Dine tankar om korleis arbeidskvardagen skal sjå ut er viktige for oss, fordi engasjement og entusiasme er fundamentet for å lukkast i prestegjerninga.
Vi håper at nettopp du vil søke stillinga som ungdomsprest i Eid!

Sjå full utlysingstekst nedanfor

Meir om Eid kommune i Sogn og Fjordane her:
www.eidinviterer.no
www.facebook.com/nordfjordeid/

 

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Eid kommune, har litt over 6000 innbyggjarar fordelt på tre sokn og er sentralt plassert i Nordfjord prosti lengst nord i Bjørgvin bispedøme. Nordfjordeid er kommunesenter med alle kommunale sentrale funksjonar, vidaregåande skule, folkehøgskule og sjukehus for Nordfjord. 

Eid kommune ligg vakkert til på begge sider av  Eidsfjorden og Hornindalsvatnet med fine turområde sommar som vinter. Alpinanlegg og fleire lysløyper. Nytt kulturhus (Operahuset Nordfjord) og eit rikt utbygd idretts- og musikkliv/kulturskule. Nordfjordeid er handelssenter i Nordfjordregionen med eit svært variert butikktilbod. Frå 2019 vert vi også anløpsstad for cruiceskip – og vil sjølvsagt nytte dette til også å vise fram kyrkjene våre

Frå 01.01.2020 vert Eid kommune og Selje kommune saman til nye Stad kommune. Det same skjer sjølvsagt også for Kyrkja – og vi samarbeider allereide no med Selje om fleire tiltak, særleg retta mot born og unge.

I Eid er det tre sokn og fire kyrkjer: Kjølsdalen, Stårheim, Eid og Heggjabygda. 
Eit eige kyrkjelydshus frå 1992, Eid Kyrkjetun, nær Eid kyrkje, har plass til kyrkjekontor, rom for barne- og ungdomsarbeid og anna kyrkjelydsarbeid. Ved kontoret er tilsett prost i Nordfjord, sokneprest, prostiprest/seniorprest, kyrkjeverje, 2 organistar (100 + 20 %),  kontorfullmektig i 50% stilling, kyrkjetenar (80%) og trusopplærar (60%). Her er kontor for ungdomsprest, med moderne kontorutstyr.

Kyrkjelydane i Eid driv eit variert barne- og ungdomsarbeid.
Ungdomspresten har i dag m.a. ansvar for nattkafé på Eid Kyrkjetun med ope hus kvar fredag, kontakt med Eid Vidaregåande Skule, Fjordane Folkehøgskule, Eid Ungdomsskule og for leiarrekruttering og leiartrening. Ungdomspresten er medlem av ungdomsutvalet som er oppnemnd av sokneråda. 

Ein forventar at den som vert tilsett går inn i det arbeidet som er oppbygt, samtidig som ein legg vekt på å ha eit utviklande miljø som legg til rette for evaluering og utvikling av nye og andre tiltak. Eid var mellom dei første som fekk trusopplæringsmidlar, og vi har vedteken og godkjent trusopplæringsplan som vert fortløpande vurdert i samråd med sokneråda.  Ungdomspresten vil vere ein del at teamet som har ansvar for trusopplæringa. 

Ungdomspresten og soknepresten samarbeider om konfirmantarbeidet saman med trusopplærar/kyrkjelydspedagog. Det er rundt 80 konfirmantar årleg i kommunen.

Soknepresten er næraste overordna  for ungdomspresten og Fellesrådet er arbeidsgjevar. 
Det er et krav at ungdomspresten bur i kommunen. 
Ungdomspresten har stilling som kyrkjelydsprest (kode 3226) og er lønnsplassert som kapellan (HTA Ka 2016-2018). I særskilte høve kan alternativ lønnsplasering vurderast. Pensjonsinnskot. I tillegg kjem telefongodtgjering og skyssgodtgjersle etter rekning.

Det vert lagt vekt på at søkaren kan arbeide sjølvstendig, har evne til samarbeid og at han kan kommunisere med ungdom. Søkjaren bør kunne bruke begge målføre skriftleg. Søkjarar bør oppgje referansar. Det kan bli aktuelt å bruke intervju før tilsetjing.

Kan du tenkje deg ei slik stilling??
Aktuelle kandidatar kan om ønskjeleg bli inviterte til Nordfjordeid for nærare samtale og fysisk synfaring av kyrkjer/kontor.

Søknadsfrist:  13. januar 2019

For nærare informasjon kan du kontakte:
Prost Rolf Schanke Eikum, mobil 975 05 015, e-post: prostnf@eid.kommune.no
Kyrkjeverje Kristen Hundeide, mobil 970 34 535, e-post: kyrkjeverja@eid.kommune.no

Du kan lese meir om Kyrkja i Eid her: www.eid.kyrkja.no  

Bjørgvin bispedøme har også ledige stillingar som sokneprest i Eid og Stårheim sokn og stilling som prest i Nordfjord prosti.
Klikk for å sjå ledige stillingar i Bjørgvin bispedøme

 

Tilbake