KOPTISK ORTODOKS MESSE


 

27. og 28. januar har koptisk ortodokse kristne, hovudsakleg frå Eritrea, halde messe i Eid kyrkje. Dei har også nytta Eid Kyrkjetun til m.a. måltid og kvile. Dette er for det meste menneske som hverken har eige hus å feire messe i eller har fått avklart om dei får bli verande i Norge eller ikkje. Dei har difor svært avgrensa med ressursar. Det er ei glede å kunne gje dei moglegheit til å feire trua si slik dei er vane med i sin kultur! Dette er dei svært takksame for - og arrangementet samlar koptisk ortodokse frå heile vestlandet, til saman mellom 150 og 200 personar.

       
Bileta: Eid kyrkje pynta til koptisk messe