Tid for dåp!


Velkomne til ei høgtidsstund i kyrkja!
Sjølv om vi gjerne tenkjer at dåpsbarn er babyar i lang dåpskjole, er det inga aldersgrense for dåp.

 

Har du sjølv tenkt på å bli døypt eller kjenner du nokon som tenkjer på det?  Ta kontakt med kyrkjekontoret eller direkte med presten og gjer avtale om ei tid som passar. Det kan vere helg eller kvardag.

Før dåpen får du ein dåpssamtale med presten på eit sosialt medium du brukar. Der planlegg de innhaldet i samlinga, songar, bøner, fadrar mm. Kven skal vere til stades? – det er avgrensa til maks 25 personar pr. i dag.

De avtaler og om de ønskjer å strøyme eller filme dåpen, ja, gjer alt klart.

 

Dåpsdagar for små og store

laurdag 2. mai i Selje kyrkje

søndag 3. mai i Stårheim kyrkje

laurdag 30. mai i Selje kyrkje

søndag 31. mai i Eid kyrkje

søndag 31. mai i Kjølsdalen kyrkje

søndag 31. mai i Totland kyrkje

søndag 31. mai i Heggjabygda kyrkje

Vil du bruke ein av dei?

Ynskjer du ei anna kyrkje eller ein annan dag? 

Kontaktinfo:
Sokneprest i Selje, Ervik og Leikanger:  Eli-Johanne Rønnekleiv   mobil 906 53 562
Kyrkjekontoret på Eid: tlf 57 86 17 55

Eller du kan bruke skjema for påmelding til dåp her: https://stadkyrkje.no/Livsvegen/Dåp, så tar vi kontakt med deg.

VELKOMEN TIL DÅP!