Takk, Eli-Johanne!


Søndag 16. august tok kyrkjelydane i Selje, Leikanger og Ervik, samt prostiet og tilsette, avskil med sokneprest Eli-Johanne Rønnekleiv. Mange var møtt fram for å ta farvel med ein mykje omtykt sokneprest.

 

Det var ei høgtidssam og fin avskilsgudsteneste i Selje kyrkje der hovudpersonen sjølv var liturg og heldt preika.  Fungerande prost i Nordfjord, Vidar Bjotveit, deltok også. I tillegg til å traktere orgelet dirigerte organist Jon Inge Sigerland også ein kvintett av messingblåsarar som var med og gav gudstenesta eit ekstra «løft».

Etter gudstenesta var det ei uformell samling/kyrkjekaffi tilpassa smittevernreglane. Her kom både tilsette, prosti, sokneråd og fellesråd med helsingar og takk til Eli-Johanne. Her vart det vist svært tydeleg at ho vil bli sakna både i bygdene og i fellesskapet i nye Stad kyrkjelege fellesråd.

Takk for framifrå teneste, samarbeid og samvær, Eli-Johanne – og lukke til i ny teneste i Bergen!

(nedanfor ser de nokre bilete frå gudstenesta og avskilsstunda)