Leikanger kyrkje


Kyrkja vart først oppsett på Bø på austsida av Selja. I 1654 vart ho flytta til fastlandet i Selje.
Leikanger kyrkje i Stad kommune

Då kyrkja vart flytta til Leikanger i 1866, vart ho gjort noko kortare - ein meinte ho var for stor til det folketalet som då var.

Men snart var kyrkja for lita. Folk kom over fjorden frå Sunnmøre til kyrkje, og ofte var det meir folk ute enn inne. Derfor vart det utviding allereie i 1895. Utvidinga vart gjort ved å dele heile kyrkja på langs og flytte vestveggen ut til ein ny mur som var lagt ved sidan av. Kyrkja vart no omlag dobbelt så stor. Tårnet vart bygt nytt og kyrkja fekk ny bordkledning. Etter denne omfattande ombygginga var gamlekyrkja frå Selja ikkje til å kjenne att.

Til jubileet i 1966 vart det bygt til nytt sakristi og kyrkja vart kledd innvendes.

Det er i dag omlag 300 sitjeplassar.

 

Preikestolen er frå 1592, gitt av sokneprest Abel Olveson. Den har følgt kyrkja frå ho stod på Selja.

 

Det er tre altertavler i kyrkja, ei frå kvar stad kyrkja har stått.

Den gamle katekismetavla frå 1600 vart restaurert og sett oppatt på alteret ved 100-årsjubileet  i 1966. Teksten i gavlen er misjonsbodet, medan hovudfeltet har truvedkjenninga og Fadervår. Sidefelta har Den vesle Bibelen, Det doble kjærleiksbodet og nattverdorda frå Luk 22.

Barokktavla frå 1694 vart og restaurert og heng på frontveggen. På andre sida heng tavla som vart innkjøpt etter ombygginga i 1895.

Begge desse "sidetavlene" framstiller Jesus på krossen.

 

Fire kors i tre vart brukte som korsbod med innbyding til 1000-årsjubileet i 1996, og vart sende rundt i dei fire gamle "fylka" Sogn, Fjordane, Sunnmøre og Romsdal. Desse har fått plasse på veggen framme i skipet.

 

Kyrkjebøssa  er frå før 1600 - ei uthola treblokk med beslag og lås.

Orgelet er frå 1970 frå Vestre orgelfabrikk. Det har 17 stemmer.