Selje kyrkje
er bygd på den gamle kyrkjetufta frå 1654.
Byggjemateriale var fyrsteklasses tømmer frå Markane i Stryn. Bygningsmenn og byggjeleiarar var Jo Larsson og Lasse Olson. Begge var frå Stryn, men vart verande i Selje og tok namnet Hamre. Kyrkja vart røyst i spissbogestil og stod ferdig våren 1866. Kyrkja vart vigsla 13.mai 1866, og det kom så mykje folk at fleire hundre måtte stå ute under vigslingshøgtida.
Kyrkjeskipet er 34 m langt, 14 m breitt og 7 m høgt.
Kyrkja har vore vølt og måla mange gonger utvendig.
Til 100-årsfeiringa vart veggane innvendig luta og kyrkja framstod slik den er i dag. Det er omlag 450 sitjeplassar.
Dei seinare åra har kyrkja fått to store gåver:
Glasmåleria i koret vart sette inn i 1990.
Prosesjonskrossen vart gjeven til 1000-års jubileet i 1996.
ORGELET vart oppsett i Selje i 1890 av orgelbyggjar Albert Hollenbach frå Tyskland. Dette var det første kyrkjeorgelet i Nordfjord. Det har 8 stemmer, 2 manualar og vanleg fotpedalsystem.
Zakarias Kvamme var fyrste organist i Selje.
Han fekk 50 kr i året som løn.
ALTERTAVLA vart måla i 1895/96 av Johan Ludvig Losting frå Bergen. Teksten lyder: "Den som kommer til mig, skal jeg ingenlunde støde ud" (Joh 6,37)
KYRKJEKLOKKA var ny i 1866, støypt av Laksevåg Verft i Bergen. Klokka sprakk rett etter at den vart teken i bruk og måtte støypast omatt.
kjelde: "Selja i 1000 år", eit minneskrift av Reidar Djupedal, 1966