Gudsteneste


Ei av kyrkja sine oppgåver, er å tilby gudstenester til alle kyrkjelydane våre.

Det er diverre ikkje mogleg å feire gudstenester i alle kyrkjer alle søndagar. Det er heller ikkje mogleg for alle sokneborn å møte til gudsteneste kvar søndag.

Prestar og liturgar vil difor, som ei prøveordning, skrive litt om søndagens preiketekst til kvar søndag framover ei tid. 

 

 

Biskop Halvor har sendt oss alle ei helsing, og oppmodar oss til å be saman om Guds vern og hjelp i denne tida vi har føre oss:


Herre Jesus Kristus,
Du lækte sjuke og tok deg av dei som var hjelpelause.
Vi kjenner oss hjelpelause i denne kritiske tida for menneske i heile verda.
Ta deg av dei som er smitta og dei som er sjuke. Lat dei få att helsa.
Beskytt dei som har lågt immunforsvar, frå å verte smitta.
Kom med din fred til dei som er redde.
Verna dei som arbeider i helsevesenet og omsorgstenestene, så dei ikkje vert smitta.
Vi bed for skuleelevar, familiar og verksemder som vert ramma hardt av denne epidemien.
Gje visdom til styresmaktene i kommunen vår, i Noreg og i verda til å handtere denne situasjonen.
Hjelp oss å få kontroll over spreiinga av corona-viruset.
Miskunna deg over oss, Herre Jesus.